Det
heile gjekk så raskt!
Først
eit hol i den rolege flata,
etterfølgt
av vatn som samla seg
i midten
stod som
ei søyle mot himmelen
før det
delte seg og dalte
som
tusen separate dropar
mot
vassflata
Eit
flatt plask mot æva
Så var
det bølgjer, først litt høge ringar
etterfølgt
av stadig mindre
mindre
og
mindre
heilt
til vassflata igjen låg roleg
Så
roleg, at det var vanskeleg å tru
at noko
hadde hendt
i det
heile
Så raskt
gjekk det!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar