Eg
minnes tida
som lukkeleg
ungtre
Då stod
eg og veiva mot vinden
Fri og
forventingsfull
til alt
eg skulle få sjå
når eg
berre vart høgare
Tida
strekte seg, og eg
strekte meg
oppover
Alltid oppover,
og ut
Gleda
bobla i meg
Alt i
verda var nytt
og eg
møtte den
med eit
ope sinn
I dag er
det rart å tenkje tilbake
På den
eg var
Naiviteten,
kor eg var uavgrensa
nyfike på
verda og framtida
I dag
har eg erfaring, eg er endra
Eg tenkjer
ikkje lenger slik eg gjorde
Verda
har herja med meg
Vinden har
blåse meg skeiv
Regnet
har sett sine spor i barken
Og eg
har sett
at eg er
eit tre for meg sjølv
og verda
spelar ikkje alltid på lag
Eg har
sjølv måtte danna mitt bilde
Ingenting
har kome gratis,
flygande
med den varme kveldsvinden
Kampane
mine har vore mange
Og prøvingane
harde
Likevel,
eg står her endå
Eg strekk
fortsatt armane oppover
mot himmelen
Og eg
syng fortsatt dei stille songane
om kvelden
Eg er
ikkje den eg trudde eg skulle bli
Verda er
ikkje slik eg håpa
Likevel,
eg står
Her
Endå
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar