Påska utgjer mitt episenter,
som navet i året;
Den sykliske rundgangen
mellom lys og mørke, tru og tvil
håp og glede, sorg og sakn
og i sentrum av det heile:
Påska,
ein mann på eit kors, Gud som lir
og sigrar over døden,
trassar kreftene som vil øyda alt
saman
og minske verda til ein
partikkelball
utan mål eller meining
Påska – mitt episenter
Utgangspunktet for kvar dag eg
vaknar,
grunnen til takk og lovsong kvar
kveld
og eit bakteppe i alt eg gjer
mellom søvn og søvn