søndag 17. mars 2013

Blind mot verda



Vi sym i dei øvre vasslaga,
nær overflata av alt det vi kjenner

Over oss er himmelen blå,
ei strålande sol varmar vatnet – og oss

Under oss er dei ukjente djupa, mørket
som truar med å dra oss ned og vekk --

Det er alt vi kjenner; Himmelen og havet
Og oss sjølve som sym med mjuke musklar

Rundt oss, på alle kantar, er verda,
men den ser vi ikkje

Vi sym med bind for auga,
eit friviljug, sjølvpålagt mørke

Vi veit om sola, vi veit om djupa
Våre blinde auga er fornøgde – med det

Slik slepp vi å ta stilling
til noko som helst

1 kommentar: