Vi sym i dei øvre vasslaga,
nær overflata av alt det vi kjenner
Over oss er himmelen blå,
ei strålande sol varmar vatnet – og
oss
Under oss er dei ukjente djupa,
mørket
som truar med å dra oss ned og vekk
--
Det er alt vi kjenner; Himmelen og havet
Og oss sjølve som sym med mjuke
musklar
Rundt oss, på alle kantar, er verda,
men den ser vi ikkje
Vi sym med bind for auga,
eit friviljug, sjølvpålagt mørke
Vi veit om sola, vi veit om djupa
Våre blinde auga er fornøgde – med det
Slik slepp vi å ta stilling
til noko som helst