tirsdag 31. mars 2015
Pasjon #4
tyngda av tre imot huda
eit kart over alt i kvart spor
tankane, repeterande meditasjon
over eit ynskje djupt i hjarta
dagar som er lysare enn denne
som ei drivkraft der alt går i lås
mandag 30. mars 2015
Pasjon #3
sjå arret
på frelsarens hjarte,
eit merke
som aldri forsvinn
i det ligg eit minne
så klart som ein eld
ubleiknande, fast
som det sterkaste fjell
i arret - eit namn og eit ord
bunde saman av tidlause band;
ei kyrkje, ein Herre, eit kors og ei grav
og nåden som fløymer alt over -
søndag 29. mars 2015
Pasjon #2
der er ei byrde
tung som grunnfjell
der er ein song
lett som ei fjør
- aldri var det vel tenkt
at desse to
skulle kunne, ville gjere
at det var mogleg i det heile
å bytte plass
på denne måten
lørdag 28. mars 2015
Pasjon #1
noko vaknar i djupet
eit ord -
bobler stig gjennom vatnet
lengtar mot lyset
håpet
stig som ei sol over horisonten
klar til å stråle
trengje inn gjennom isen, snøen
kulda
klar til å varme
med sine alletingomfamnande armar -
Fugl
1
å karre seg opp
til målet ein har sett
å vere dei
som heiar kvarandre fram
å vere to i stormen
to i stilla
2
eg faldar meg ut
i vinden,
let luftstraumane famne
mitt håp, mi tru, mine
tankar,
lyfte meg oppover
bere meg framover –
usynlege hender
som held
3
desse to elementa
så uendelege
i si utstrekning;
luftrommet
i kilometerhøgd rundt
heile verda
havdjupa
med sine ukjente fjell,
dalar
og sandmjuke vidder
vite at ein kan reise
så langt ein berre maktar,
og aldri nå enden, aldri
nå alt
vite at ein har sin
tilmålte plass
mellom hav og himmel,
kvile i at det i grunn er
nok
fredag 27. mars 2015
Over slettene
the world is a highway
over the endless fields of time
some fix their eyes solely
on what's to come,
others on what they've left
some tries, wide eyed
to swallow it all -
(weekend in b&w)
torsdag 26. mars 2015
Menneske i fridom
kjenne gleda i å vere
noko heilt anna
enn det du kan sjå
vere ein protest
i meg sjølv,
eit banner med skrifta inn
kjenne lufta nærast gløde
av ei namnlaus glede
her eg traskar gjennom byen;
vere eit menneske i fridom,
ha dører og vindauge med handtak
på innsida
og vere på veg
inn i det unike biletet
som er livet mitt
onsdag 25. mars 2015
Hamn
mi hamn
er ein stille stad,
ein stad for tilflukt
og roleg venting
mi hamn
er ein stad med roleg grunn
og utsikt
innover i framande landskap
mi hamn
er ein kvilestad
for slitne bein
og sjøtrøytte auge
mi hamn
er ein stad
for gode blikk
og påfyll til vidare reise -
tirsdag 24. mars 2015
Dagen slepp taket
det ligg eit stille vemod
kvilande over staden
fjorden blenkjer,
sola takkar av
ei ferje glir ut
over og vekk
og livet går vidare,
hjartet fortset å slå
i eit anna lys
Rett
under her
seier du
er det ein båt
under båten
seier du
er det ein fjord
utanfor fjorden
seier du
er det eit hav
vatn som breier seg
seier du
rundt ei romkule i fritt svev
-
alt eg ser
er desse rette mastene
men eg trur deg;
ein stad må dei vel vere festa
og at båten flyt på vatn
så langt strekk tanken seg,
men eit hav -
det finn eg vanskeleg å tru
-
er du sikker på dette?
mandag 23. mars 2015
Guide
du viste meg verda
gjekk opp stien på såre bein
dette fjellet er eit haldepunkt
dette er fast grunn, sa du
så var du borte, vårregnet kom
og fjellet er alt eg har att
søndag 22. mars 2015
fredag 20. mars 2015
Himmellekam
eg er ein himmellekam
glir mi bane gjennom rommet
ei lov er ei lov, seier du
nektar å gje meg større fart
i dag gir eg skugge, i morgon du
og så ligg romviddene tomme tilbake
torsdag 19. mars 2015
onsdag 18. mars 2015
Ein smule sur
kanskje
er det maktesløysa,
at
ein gjerne ikkje vil
vere
ein som ikkje kan seie
og
vere akkurat der og den ein vil
eller
ikkje vil
akkurat
når og om
ein
har lyst
kanskje
passa det ikkje så godt
akkurat
no
å
gjere noko anna;
avslutte
noko, begynne noko
eller
vere vidare i dette
ein
ikkje ynskjer
kanskje
veit ein ikkje,
kanskje
er det ikkje noko
i
det heile –
ein
berre
er
sur
kanskje
går det
snart
over
(Onsdagstema: Tørr - portrett av ei jente som er tørr bak øyra og veit kva ho vil! Og ikkje vil...)
Abonner på:
Innlegg (Atom)