Viser innlegg med etiketten leve. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten leve. Vis alle innlegg

onsdag 28. oktober 2020

Golv blant golv

golvet er min venn

kviskrar du,

let deg valse ut

som ein innsjø på stovegolvet

der hjartet er den einaste 

taktfaste rørsla

me kan observere


så glir du i eitt med landskapet

og me kan vente og lengte

medan vissa om det me veit

brenn seg djupare inn


og golvet gyngar av garde

blant alle andre golv

i universet


kan me flyge utan vengjer

kviskrar du,

og me veit det 

er det einaste me kan



søndag 23. august 2020

Nokon er til

vite nokon er til
utanfor auga ein stad
er til
med namn og lengt
hud og håp
utan
å vite kven

nokon er
til
veit eg
nokon lever, syng
sin morgonsong
kanskje
på same melodi
som eg

for nokon
er til, lever
langt utanfor
mine auge, langt
utanfor mi hud
bortanfor
alle horisontar

er nokon til

mandag 1. juni 2020

Kvile i seg sjølv

midt i jakta
stoppar ho opp

føtene står som limt i grusen
skuldrene senkar seg
inn i ei ny stille

auga kviler på den blå himmelen
som fyller ut tomromma
mellom viftane bjørkegreiner
og suset gjennom skogen
fyller øyra

her
akkurat her
vil eg stå
tenkjer ho  -  ja,
kvifor ikkje her -

det er noko framandt i nettopp denne lufta
denne plassen, akkurat her
og no

finn ho ut
kva det vil seie
å kvile
i det ein har

mandag 14. desember 2015

Vinterveg


også her må du vere
ein vandrar i vekslinga 
mellom mørke og lys
skugge og klåra
- eit steg unna morgondagen

også her må du kvile
rette auga mot dei fjerne fjella
senke ned i ditt eige hjarte
denne vissa om det som kjem
- gårsdagsskuggane når heilt hit

også her må du sleppe
grepet om banda som batt deg
fast til skogen, fjella, vatnet
verda slik du kjenner den
- sjølv i denne vinteren er hjartet ditt fritt



lørdag 25. april 2015

Struktur



1
alderen set sine merke;
det er som livet sjølv
kryp opp frå den eldgamle jorda
og kler sine gjester




2
dette er spora
etter levd liv,
arr frå tusen slag

dette er merka som kjem
når ein gjer det ein er etla til;

somme seier sår
rivner i det perfekte,
skår i det som skulle vore heilt

eg seier: adelsmerke
på ein som har kjent verda
si vrangside

og endå står –





3
stryk handa over
fastfrosne årer,

slik eit fengsel,
slik eit vern kan halde –

og lyden av dryssande rim
på frosen mark

der hjartet krakelerer
under lengten etter ny vår



fredag 27. mars 2015

Over slettene




the world is a highway
over the endless fields of time

some fix their eyes solely
on what's to come,
others on what they've left

some tries, wide eyed
to swallow it all -



(weekend in b&w)

lørdag 18. oktober 2014

Trapp



eitt steg opp

eg smilte til deg
gav deg handa
og fleire steg
langs vegen

du såg bort,
let meg stelle
mine eigne sår
som verda slo

eitt steg ned att



eitt steg opp

du såg dagsrevyen
med tårer i auga
og ei fast avgjerd
frå botnen
av ditt inste deg;
neste dag reiste du
til andre sida av kloden
for å gjere noko

eg tenkte på deg
medan eg gjekk
nedover ei travel gate,
rett forbi dei to
med kopp i handa

eitt steg ned att





eitt steg opp

vi kavar for å klare
utfordringane, krava
livet stiller;
skule, yrke, familie, vener
og sjonglerer det heile
med stadig stødigare hender

dagen etter lønningsdag
kjøper vi 50’’ fjernsyn
og låser att døra
når naboen ringer på

eitt steg ned att