Viser innlegg med etiketten trapp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten trapp. Vis alle innlegg
fredag 8. januar 2016
Lenger opp
oppover her
stadig lenger
opp
på vifteforma
trygge - steg
trinn - for - trinn
til skyene
dekkjer for
jorda
til det er
mogleg
å puste
lett
(Weekend in b&w)
lørdag 18. oktober 2014
Trapp
eitt
steg opp
eg
smilte til deg
gav
deg handa
og
fleire steg
langs
vegen
du
såg bort,
let
meg stelle
mine
eigne sår
som
verda slo
eitt
steg opp
du
såg dagsrevyen
med
tårer i auga
og
ei fast avgjerd
frå
botnen
av
ditt inste deg;
neste
dag reiste du
til
andre sida av kloden
for
å gjere noko
eg
tenkte på deg
medan
eg gjekk
nedover
ei travel gate,
rett
forbi dei to
med
kopp i handa
eitt
steg ned att
eitt
steg opp
vi
kavar for å klare
utfordringane,
krava
livet
stiller;
skule,
yrke, familie, vener
og
sjonglerer det heile
med
stadig stødigare hender
dagen
etter lønningsdag
kjøper
vi 50’’ fjernsyn
og
låser att døra
når
naboen ringer på
eitt
steg ned att
Abonner på:
Innlegg (Atom)