Viser innlegg med etiketten skyer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skyer. Vis alle innlegg

tirsdag 2. januar 2018

Natt over fjorden



sakte trekk lyset seg attende,
overgir område etter område
til mørket og kvelden

skyene fortset sin tause dans
filtrerar lyset, porsjonerer ut
våre tilmålte blå tonar

før sjølve natta rullar inn
over vassflata, rundt fjella
og viskar bort dei siste restane av lys


fredag 8. januar 2016

Lenger opp


oppover her
stadig                 lenger
opp

på vifteforma
trygge - steg
trinn - for - trinn

til skyene
dekkjer for
        jorda

til det er 
mogleg
å puste

lett




(Weekend in b&w)

lørdag 9. mai 2015

Skyer



1
skyene dansar,
speglar seg i fjorden

let sine flytande rørsler
gli i takt med vatnet

veit at dei er forgjengelege,
at tida må nyttast til fulle




2
dette tause landskapet
av urokkeleg fjell;

uminnelege tider har dei sett
komme og vere og gå

berre skyene er deira telegram,
her får dei nytt i frå verda




3
skyer som eit teppe
mjukt bretta ut

livet er dekka, skjult
under denne rennande elva –

kor omskiftelege tidene er
kor lite vi veit om det som ventar




(Fototriss)