Viser innlegg med etiketten kveld. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kveld. Vis alle innlegg

søndag 5. januar 2020

Ropet, igjen

du ropar frå rommet
ei lett lidande stemme
som ei bøn

kanskje er du tørst
tenkjer eg
medan eg legg vekk papira mine

kanskje treng du ein klem
tenkjer eg
medan eg reiser meg opp

kanskje lengtar du etter lys
eller ei stemme, eller eit handfast teikn
frå ei verd som snart skal forsvinne
når du vandrar inn
i draumane

kanskje, tenkjer eg
og opnar døra til rommet ditt

"god natt," seier du
og smiler, god natt
seier eg, smiler tilbake
og det var alt som skulle til

verda er igjen i balanse

tirsdag 2. januar 2018

Natt over fjorden



sakte trekk lyset seg attende,
overgir område etter område
til mørket og kvelden

skyene fortset sin tause dans
filtrerar lyset, porsjonerer ut
våre tilmålte blå tonar

før sjølve natta rullar inn
over vassflata, rundt fjella
og viskar bort dei siste restane av lys


fredag 20. januar 2017

Natt


eit stille sus av vind
mellom elles stille tre -
vegen ned til sjøen
ligg i skugge
- men eg kjenner den 
som min eigen pust

her nede er eg fri,
som bølgjene skvulpar 
mot bryggjestolpane

eit einsamt lys
over kaia - kvardagen er ein annan stad

det er ein roleg kveld
eg kan endeleg høyre hjartet mitt banke -


onsdag 27. mai 2015

Stille under


under overflata putrar det
i tause vulkanar

eg skjerpar blikket
prøvar fange opp nyansane i kvelden

hjartet bankar ukontrollert,
ingen veit kor neste vindpust kjem frå

eller når dei indre straumane kokar over
sine stille breidder

set havet i kok
og endrar alle ting - alt i hop

frå eit sekund til eit anna,
kanskje akkurat når eg blunkar -

så eg held blikket fokusert
og håpar på eit stille under

tirsdag 24. mars 2015

Dagen slepp taket


det ligg eit stille vemod
kvilande over staden

fjorden blenkjer,
sola takkar av

ei ferje glir ut
over og vekk

og livet går vidare,
hjartet fortset å slå

i eit anna lys


tirsdag 8. april 2014

Vårkveld ved fjorden



sitje på ein bryggjekant
ved fjorden
sjå utover småbåthamna
ferjestøet
høyre fuglesongen
frå ein stad bortanfor husa




vere med gode vener
le
kjenne den friske vårlufta
i korte vindpust
så rolege at dei knapt kan merkast




kjenne at livet er godt
at akkurat no
er du eit levande liv
og del av noko stort