Viser innlegg med etiketten vente. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vente. Vis alle innlegg

tirsdag 8. september 2020

Vente seg sjølv

noko ventar på djupet

noko anna ventar

med høglytte steg over gamle golv

i ein annan etasje

 

aldri kan me vite

kven som ventar

når me opnar dørene,

eller om dørene let seg opne

før me veit

kven som ventar

 

og det som ventar

ventar også me

 

kanskje er det oss sjølve som går 

med knirkande sko, avbrotne steg

utan å vite

 

utanfor vindauget sit den vesle fuglen og plystrar

og det er der, akkurat i den melodien

hjartet har sin eigentlege heim

 

 

lørdag 27. juni 2020

eg ventar på det uventelege

dette er alt eg venta på

eit pust
mot natta
ansiktet ditt stig fram
frå draumen

navigeringspunkta
flyttar seg på himmelen

desse fyrlyktene
stod ikkje her sist

tusen gonger har eg gått på grunn
og lyfta båten laus,
sett den på graset i skogen
og latt vinden fylle store raude segl

eg venta på dette, det er alt
alt
seier eg ...

somme netter går tida baklengs,
dobbelt så fort som lyset
og eg er urøynd
i alt eg kan




torsdag 11. juni 2020

Restvarme

det er alltid det motsette
eg ventar på
det andre
som aldri skjer

ventar medan dagslyset nærmar seg
midtsommarnatta
og skuggane frys til is
i draumen om den andre sida

syng den triste melodien 
for meg sjølv
sit der du ein gong sat
og kan endå kjenne varmen 

mot ei hud som hugsar
betre enn auga
ventar på ei opning i terrenget;
at alle forvilla draumar skal komme heim

 

torsdag 4. juni 2020

Nye sprang

nokon ventar
eit steinsprang i mergen
nye sprang
frå det som ein gong sprengte

løyve til å drøyme om
løyve til å kysse
løyvet til å springe

forbod mot skuggar  --
lyset bles som ein vind over hagen
stryk mjukt over uslipte steinar
ruggar dei til kamp
nye sprang
frå det som ein gong var eit sus

i håp om botnar 
som svinn

svingar vinden i enden av eit tau
sveiper over marka
lagar spor i sanden, spor i huda
ventar
        på noko
med fullmakt til å aldri stoppe


tirsdag 7. april 2020

Endring på veg

lyden av piskeslag
er endå berre eit sus i vinden

synet av blod mot brustein
er ei hildring, eit glimt
frå tider som kjem

smaken av vin og brød
skal aldri meir bli den same
men ikkje no, ikkje endå

kjensla av frost gjennom marg og bein
som ei einsemd, ei smerte
som ikkje kan lindrast
er endå bakom horisonten

men me kan sjå det kome,
i blikka, i stemmene, i kjensla av noko framand
i byen

lukta av ein ny vår, 
spirer som snart trengjer gjennom molda
i ein fødsel som endå
er usynleg for både auge, hjarte og lengt

eit sus i vinden, ein lyd
langt bortanfrå -
noko som kjem

og vil endre alt


lørdag 18. januar 2020

Kor lenge?

kor lenge må me vente
på vindar som skal snu,
kor lenge vil bølgjene slå
før fjellet er borte

kor lenge må me pløye og hauste
før maten kjem av seg sjølv, kor
kan me finne eit utsiktspunkt
ingen kan rive ned

kor, og korleis, og kvifor
kjem sola til å stå opp siste gongen
før alt går under
og orkesteret spelar sitt rekviem
på veg mot natta

kor lenge vil me synke
før me vert fanga opp og sette på land
på ei ny strand -

mandag 6. januar 2020

Den ventande

det var akkurat her me møttest
klokka ti over åtte
kvar einaste morgon i alle åra
me gjekk på same skule

akkurat her stod du og venta
med eit litt utolmodig drag over skuldrene
og samtidig, nesten alltid
i godt humør
og med ein vits på lur bak smilet

for det var ikkje ventetida
eller vegen
som heldt att,
det var dei siste stega over dørstokken
inn i det andre universet, der
me ikkje lenger var individ
men ein heilskap

eit kollektivt sett med auge
vend mot det grøne panelet
som skulle leie oss vidare ut gjennom verdsrommet,
til dei planetane me ein gong skulle innta
og overta
med all vår kunnskap 

difor stod du her og venta
kvar morgon, som eit ledd
i den store planen og den store draumen
om etterpå


lørdag 4. januar 2020

Sufflør

det er ei stille stemme i vinden
ei stille stemme frå mold og bark og snø

kviskrande, mumlande, masande
er stemma som ein usynleg bisverm
alltid like bak øyra mine

eit dempa fnis
når nokon mistar noko

ein liten latter
viss bussen har gått før eg kjem
og eg må vente, frustrert
med den vesle latteren i øyret, i hovudet, heilt inn
til der humøret byrjar å røre på seg

løfter auga mot fjella, gler meg over sola og regnet
og at eg har føter som kan springe
viss eg vil
og at eg har ein buss å vente på
og eit mål å reise til

gler meg over den stille stemma
som alltid er der, kjent og glad og raus og somme tider
utolmodig, masete, mumlande, kviskrande
irritert 

eg kjenner den att, kjenner den i hjarteslaga,
eg, vesle seksåring i hjartet
som aldri vert eldre



torsdag 2. januar 2020

Lyd frå ein draum

eg lyttar etter lyden av fottrinna dine,
døra er endå lukka
og huset kviler i kveldslyset

natta ventar
saman med meg

denne døra, så dirrande i ro
auga finn ikkje feste,
alt glir vekk, forsvinn
som var eg innhylla i bomull

lyttar etter lyden av deg,
at du skal kome fram til døra
banke på
slik du har gjort i draumane mine
så mange gongar før


onsdag 4. desember 2019

Flyktning utan papir

eg er verdt noko
meir enn dette papiret -

ei lita raud bok
er forskjellen på meg
og deg,
du som vert stengt ute
sett til side - ventande
på noko som aldri vil komme

så lett me har for å gløyme
at alt er ei gåve
- at dette landet, desse fjella
er ei gåve
        ikkje eigedom
        ikkje noko som eig oss

kva har vel eg gjort for gråsteinen på Dovre?
kva har vel Dovre gjort for meg?

så eg legg passet ned i skuffa
glad for fridomen
til å ta vare på meg sjølv

gret ei tåre for dei
som ikkje hugsar
at sjølv Herren ein gong var flyktning,
registrert, ja, men ikkje der han kom
for verda var aldri heime

slik den heller aldri kan vere heime
for oss som er innom
våre flyktige sekund av æva -

kan me ikkje berre behandle kvarandre fint
den stunda me er her?


mandag 2. desember 2019

Begeistring

strålar frå ei stjerne
ein engel som svinsar forbi
utanfor glaset

smiler inn til
begeistra born
intenst ventande med opne auge
og hjarta på stilk

svevar med vinden til alle krokar i verda,
syng ein ny song
som alle kan lære
- for det er ein gamal song,
gøymt mellom celler og atom
som ein note i ein gamal koffert på eit loft

det gjeld
å finne den
blåse av støvet

og synge i veg!

søndag 1. desember 2019

Advent

å vente, sjå ut glaset
vente på at tida skal gå

vente på at tida skal kome

la seg fylle
av språkleg ekstravaganse,
snu ordboka opp ned
tømme den i seg
hoppe litt rundt, så alt vert blanda

opne munnen, sleppe alt ut att
til ei verd som druknar
i mangel på ord
- dei rette orda, vel å merke

og ein kan håpe
at dei rette orda kjem
slik det rette Ordet kom
og fylte verda med song
og fortsatt fyller hjarte med song -

vente på ventetida
sleppe ventetida inn i hjartet,
inn til alle orda

nærme seg ein stall
med skoa i henda
og ei stille bøn på leppene



onsdag 18. april 2018

Ventetid


vente på –

noko

at noko skal skje
at noko skal røre på seg
flytte seg eit hakk nærare
hjartet – eller sjela
eller auga, komme innanfor synsranda

berre vente her
vere
ein ventande i verda
der enorme avstandar held oss
på sporet – av dette
å vente på kvarandre

vere i ventemodus
for du veit at noko
eit eller anna
ein eller annan gong
kjem til å skje


torsdag 16. februar 2017

Venterom





tida står stille her
i ventetida sin ytterkant

på utsida av verda
der nesten ingenting finst –

eg er i mitt eige univers,
alt som tel er stilla

og den totale mangelen på alt
som ikkje er akkurat her, akkurat no