vente
på –
noko
at
noko skal skje
at
noko skal røre på seg
flytte
seg eit hakk nærare
hjartet
– eller sjela
eller
auga, komme innanfor synsranda
berre
vente her
vere
ein
ventande i verda
der
enorme avstandar held oss
på
sporet – av dette
å
vente på kvarandre
vere
i ventemodus
for
du veit at noko
eit
eller anna
ein
eller annan gong
kjem
til å skje

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar