det
er ikkje slik
at
det vi seier har same verdi
eller
vekt;
anten
har eg feil
eller
så har eg rett
-
vi kan ikkje vere der begge
(med
mindre
vi
seier det same)
anten
sit det nokon bak
den
store steinen,
eller
så er der ingen –
svaret
får vi ikkje vite
før
vi ein dag kan gå bakom
og
sjå
(viss
då ikkje denne nokon
plutseleg
gjev
seg til kjenne sjølv)

