Viser innlegg med etiketten menneske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten menneske. Vis alle innlegg

fredag 13. november 2020

Redusert til ingenting

 

dei som vandrar oppned over måneflata

og set seg på kraterkanten, kikkar

ut i det store svarte

ser jorda segle likegyldig forbi

som om ingenting har hendt


berre det blå og det grøne og det kvite og det brune

i stille sirkulasjon

tømt for meining, tømt for ord og hud


kanskje er der ein napoleon, eller ein viking

ein holemann, ein dinosaur, ein einstein, det

er ikkje godt å seie

for alt det menneskelege er redusert til ingenting

på denne avstanden


det er så herleg stilt

seier den eine

og den andre nikkar, tømmer kaffi i kruset

og sukkar fornøgd


onsdag 7. oktober 2020

Menneske utan mysterium

me la skogen flat
for å sleppe unna 

dei frittflytande mysteria
me aldri fekk tak på

reiv opp alt med rot
og gjekk over med rive
så alt vart glatt og flatt og enkelt

ikkje eit einaste spøkelse
kunne gøyme seg på flata
og me sukka letta, tørka sveitten
og laga bål av opphøgd ved

fortel eit eventyr,
sa me til forteljaren
men ingen ord var å finne
og lengten etter det me hadde mista
kom brått og uventa

det var som me drøymde ein skog,
men dyra var ingen stad å sjå
og einsemda vaks til eit rom utan dører




onsdag 2. september 2020

Gåte

du er ei gåte -

fingertuppane dine
dansar tause
over huda

lyden frå regnet
smeltar saman med undringa
i auga mine

dannar strekar og figurar,
ei samansetting, eit bilete
av noko ukjent, noko
eg ikkje forstår

men kreftene er sterke, dreg meg mot seg
som eit insekt mot lyset

eg veit om faren, kjenner
vegen mot ein sikker undergang,
likevel let eg meg dytte framover
mot gåta
inn i gåta
let meg gå vill        i gåta -



søndag 23. august 2020

Nokon er til

vite nokon er til
utanfor auga ein stad
er til
med namn og lengt
hud og håp
utan
å vite kven

nokon er
til
veit eg
nokon lever, syng
sin morgonsong
kanskje
på same melodi
som eg

for nokon
er til, lever
langt utanfor
mine auge, langt
utanfor mi hud
bortanfor
alle horisontar

er nokon til

onsdag 12. august 2020

Ein usynleg song

det stig ein usynleg song
frå dei vide myrene
der menneske har gått      generasjon etter generasjon
og velta torv, drenert, pløygd marka

sett sine spor i landskapet
som er så ubarmhjertig
mot slitarar av alle slag;

i hundre år kan plogen ha velta molda
og bøndene sine tårer og sveitte
har gitt fukt til spirande knollar

tjue år etterpå
står småbjørka og viftar med greinene
i jord som endå har næring
til blafrande bjørkeblad -

men den usynlege songen
vil fortsetje å stige

her gjekk det ein gong eit menneske -
her levde og døydde eit menneske
i kamp mot seg sjølv og naturen



mandag 20. april 2020

Jordskjelv

eg legg øyret mot det nakne golvet
lyttar etter teikn
på bankande hjarte
mjuke føter på veg
mot noko godt

lyttar etter teikn på liv
at nokon er på veg tilbake
eller endå lenger vekk

rørsla frå eit menneske,
små jordskjelv i bakken
vitnar om at her
        er nokon

at nokon er til 


lørdag 14. mars 2020

Mitt, ditt eller ingen sitt

dette at me alle er bygde 
av dei same grunnstoffa;
at me er store delar vatn, og 
det er ufråvikeleg for alle

og at dette vatnet er
på stadig reise
inn i kroppen, ut av kroppen
vidare ut i verda

til slutt kjem det same stoffet
kanskje
eit vassmolekyl? eit jernatom?
tilbake til deg
og plutseleg er det ein del av kroppen din
ei stund

dette at me 
alle menneske
deler ei felles mengde grunnstoff
og ikkje kan eige
eit einaste eitt av dei

det er noko forunderleg
og grunn til å undrast -
korleis kan me i det heile rekne oss som ulike?


onsdag 26. februar 2020

Kvardagsmenneske

eg er ein meister
i det kvardagsgrå,
glir i eitt med skuggane
men også dei skarpe konturane
sola dannar
på si ferd over landjorda;

glad om sommaren
mollstemt om hausten
noko inneslutta og mørksinna om vinteren
og om våren kjenner eg håpet gro
som ein sovande, no vaknande spire
frå det store djupet
i hjartet

sjølv me kvardagsgrå, vanlege
som glir i eitt med landskapet og tida
og snart gøymt og gløymt
i historia sine siderom
har spiren til det ustoppelege og ukuelege
i oss

når ein berre kjem nær nok
og har opne nok auge 


lørdag 22. februar 2020

Mysterium

du er eit landskap 
eg ikkje kjenner,
ser bildet av fjeset ditt
i avisa
og ein tekst
som, i beste fall 
lagar ringar på overflata
før alt fell til ro att
og heile det store djupet
er skjult bak spegelbiletet av fjella og himmelen
og auga dine
held alt det hemmelege
på plass

kven er du 
langt der inne
bak det lure smilet
og dei mystiske auga

kven er du
aller inst
der ingen nokon gong
får sjå --


mandag 3. februar 2020

Mannen inni mannen

mannen inni mannen
det vesle rommet
som aldri får lys
og ingen veit om

mannen inni mannen inni mannen
ei lita øskje
fullt møblert,
med utenkjelege tankar
for alle andre

mannen inni mannen inni mannen inni mannen
er ingen mann
men ein gut,
sit der og vippar på ei huske
som endå har fart
etter barndomens milde puff 


torsdag 16. januar 2020

To i eitt

eg glir i eitt med alt rundt meg
som ein svolten kameleon
på leit etter faste haldepunkt
i ei verd som smuldrar opp

sakte flyttar eg meg framover,
passar på å ikkje skilje meg ut
på nokon som helst måte

vert eit tre i skogen
ein fisk i havet
ein hekk langs vegen heim

og endå kor høgt eg let vere å rope
ventar eg på svar, eit augekast
eit stille hei
frå menneska 
        eg unngår 
av all mi makt, og søker
i all mi avmakt

 

onsdag 12. desember 2018

Himmelskipet #12

la oss bygge ein spegel
med eigen vilje,
ei flate som viser det den ynskjer
og viser det den er glad i;
dei gode sidene
under rette forhold

la oss bygge ein reflektor
for vår glede
eit batteri som kan fyllast
om det tek imot
og gir frå seg det gode
under rette forhold

la oss bygge ein reseptor
som tek imot, lagrar og reagerer
på språket og kjærleiken
og sanseinntrykka frå ei samansett verd,
ein mottakar av nåde
og vidareformidlar av miskunn
under rette forhold –


lørdag 3. november 2018

Det vesle mennesket




mellom dei høge fjella
slår me djupe røter,
feste mot regn og ras og vind
i dette ugjestmilde terrenget

her er me
dei små menneska
i møte        med det store skaparverket

det er ein snodig symbiose
me lever i – avhengige og frie
underlagt lover me ikkje rår over
og med skeivfordelt makt –

den parten som kan øydeleggje det heile
er den einaste parten
som ikkje kan leve aleine –




lørdag 21. juli 2018

Soleiebarn #6




kvervlande tankar rundt dette eine
mysteriet;
at vi er ei menneskemengde
av kulørte sjeler

at huda vår skimrar fargesprakande
vakker som ein symfoni;
varme mjuke hudceller
over det raude, bankande blodet

under huda er vi alle nakne
bygde opp på same måten
av den same
altoppslukande
lengten
etter
kvarandre