auge som lyskastarar
sveipar over fasaden på eit hus
som endå berre har stige halvvegs opp
av myra
det ligg eit skjær av noko veikt,
eit lys som ikkje finn feste
over heile denne opne plassen
plankar som beinrestar
ut frå gjørmehola
og dei surklande lydane frå djupet
er lyden av det nye
som stig fram
alt materialiserer seg her
medan auga er tause vitne,
vidareformidlar det som skjer
til intellektet bakanfor
likevel er det ufatteleg
korleis alt fell på plass,
korleis desse daude trea og stråa
kan smelte saman til plankar, plater og golv
og leggje seg slik
at når trykket frå djupet pressar mot dagslyset
stig det eit heilt hus ut av mudderet --
fiksjonen er total,
hjernen konstruerer
det den ikkje kan forstå
og det umoglege vert mogleg
i det febervarme lyset
frå auge som er opplært til å lyge
Viser innlegg med etiketten skaping. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skaping. Vis alle innlegg
mandag 23. mars 2020
onsdag 12. desember 2018
Himmelskipet #12
la
oss bygge ein spegel
med
eigen vilje,
ei
flate som viser det den ynskjer
og
viser det den er glad i;
dei
gode sidene
under
rette forhold
la
oss bygge ein reflektor
for
vår glede
eit
batteri som kan fyllast
om
det tek imot
og
gir frå seg det gode
under
rette forhold
la
oss bygge ein reseptor
som
tek imot, lagrar og reagerer
på
språket og kjærleiken
og
sanseinntrykka frå ei samansett verd,
ein
mottakar av nåde
og
vidareformidlar av miskunn
under
rette forhold –
Etiketter:
advent,
advent 2018,
fri vilje,
menneske,
skaping
mandag 10. desember 2018
Himmelskipet #10
i
Guds eigen verkstad
der
storverk vert til
ligg
den første cella på bordet
klar
til bruk
slike
kompliserte strukturar
krev kunnskap
me ikkje forstår
og
livet, den første gnisten
byrjar
å pulsere
i
pusten frå den allmektige
søndag 9. desember 2018
Himmelskipet #9
dei
store lysa sirkulerer
som
tause vaktarar på himmelen
ser
det som skjer i vide krinsar
utan
å blande seg inn
så
får den andre lys frå den første
og
den første lys frå opphavet;
lovene
kan ikkje brytast
banene
kan ikkje endrast
det
er fastlagt alt saman
og
sett i rørsle
av
Ein som er stødig på handa
Etiketter:
advent,
advent 2018,
skaping,
sol
lørdag 8. desember 2018
Himmelskipet #8
eit
frø i jorda og treet under himmelen
har
dette felles:
lyset
frå det første ordet
trengjer
gjennom
kvar
tynne hinne;
byggjer
noko nytt av gamalt –
koden
i djupet
er
eit puslespel
meir
intrikat enn mennesketanken
kan fatte
og
tikkar sin jamne gong
gjennom
årstidene
byggjer
ei framtid
med
byggjeklossar frå opphavet
Etiketter:
advent,
advent 2018,
DNA,
skaping
torsdag 30. august 2018
torsdag 19. april 2018
fredag 6. oktober 2017
Spor i asfalt
navigasjonsmerke
spor
i det synlege landskapet
etter
menneske
her
har vi gått
her
går vi no
som
levande bevis
på
eit mirakel
at
dei umoglege atoma
kan
samlast, rørast
byggast
opp
til
noko – nokon
som
tenkjer dette
er
min sko
her
set eg mine usynlege spor
i
asfalt
fredag 3. februar 2017
Den første tanken
den
første tanken
var
eit pust av vind,
stille
ruskande
i
dei nyskapte lauva
den
første tanken
var
ein drope vatn,
eit
møte i passasjen
mellom
liv og død
den
første tanken
var
eit blink av lys,
ein
skinande stråle
som
splitta mørket
den
første tanken
var
eit ord i stilla,
ei
bølgje som fylte
det
tomme rommet
Abonner på:
Innlegg (Atom)