Viser innlegg med etiketten undergang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten undergang. Vis alle innlegg

torsdag 28. desember 2017

Garanti



du er ute etter ei sikring
ein garanti

at ting vil vare
at tida vil behandle deg godt
at ungdomstida
kan vare evig

det einaste du får
er ei stille kviskring frå månen
ei mumling frå dei eldgamle fjella
og det dei seier
er noko anna enn det du vil høyre



fredag 6. februar 2015

(de posthumane minners dikt)



øde er menneskenes land
goldt ligger det
som et minnesmerke
over seg selv

hvor menneskene ble av?
se, det vites ikke,
ingen protokoller kan fortelle
hvem som fylte disse sporene,
hvilke svevende drømmer
som her er tenkt

ingen hukommelse er tilbake
i trær, i stein og blomster
om de tobeinte vesen
som levde ut sine håp og visjoner
i disse dalene, på disse fjordene

for se, øde ligger menneskenes land
goldt og fortært av tiden
og vindenes ferd over jorden

det er et minnesmerke
men ingen tilbake som kan huske –


onsdag 4. juni 2014

Øydemark




ørken, ja, ørken
bak sløret
ventar ei øydemark
ein veg du skal gå
til endes
utan vatn, utan lys
utan klede, utan håp

heilt til du rundar siste svingen
må du gå me nedbøygd nakke
slepe beina etter deg
legge bak deg eit spor av blod
og tårer
eit far dei kan sjå, men utan trøyst

heilt fram
gjennom ørken og sand
mellom lysglimt frå framande kystar
under ein uendeleg stjernehimmel
og den totale stilla
som sluker alle dine tankar
knuser dei til støv –

heilt gjennom
må du gå, til huda er borte
og hjartet ligg nake og ope,
du må lyfte deg fram
med nedslegne auge
og falle på blodige kne

din siste pust skal du bruke
på orda du seie
før du dør

før du sig til jorda
som sluker din kropp

-

men hjartet skal endrast,
frå det skal det spire
langt under molda
ein kime mot lyset

ein tynn og spinkel renning,
planta ved ei elv
under ei sol
planta i dei friske vindane
og treet skal vekse
strekke seg mot himmelen

og dette nye
skal no vere deg -