me sørgjer
men ikkje utan håp,
ikkje utan ein stråle av lys
over den fjerne horisonten
lyset leier veg
gjennom dødsskuggedalen
og over den siste elva,
heilt inn i vårt sanne heimland
-
Jesus gjekk først
me kjem etter,
i dette kviler vårt håp,
i dette kan me bygge
eit liv
Viser innlegg med etiketten oppstoda. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppstoda. Vis alle innlegg
søndag 12. april 2020
fredag 10. april 2020
Inn i mørket
eg er edmund
med bøygd nakke
og ei erkjenning av skuld
som ei bør tyngre enn verda
på skuldrene
du er aslan
den stolte, store
som med opne auge møter mørket
og let deg senke
av svakare hender
til slutt er det du
som vil stige opp i strålelyset
og løfte meg med deg
ut av grava
i mørket er det vanskeleg
å sjå det komande lyset,
men du ser
og det er nok
for meg
med bøygd nakke
og ei erkjenning av skuld
som ei bør tyngre enn verda
på skuldrene
du er aslan
den stolte, store
som med opne auge møter mørket
og let deg senke
av svakare hender
til slutt er det du
som vil stige opp i strålelyset
og løfte meg med deg
ut av grava
i mørket er det vanskeleg
å sjå det komande lyset,
men du ser
og det er nok
for meg
mandag 18. februar 2019
Liv etter frosten
denne songen er den første
dette håpet er det største -
---
som eit nyfrose tre
eg bøyer meg ned
tek imot kvart mumlande ord
kjenner sorga kvile på snødekt jord;
at eg levde, at eg pusta at eg for
utan å setje eit einaste spor
at eg song at eg drøymde at eg var
som ein stridig knute hos han som bar
så var det noko som løyste seg opp
ein tinande stråle av sol mot ein kropp
som ikkje lenger levde, var til
for songen i hjartet var dørgande still
og varmen tok tak, og orda var linne
noko byrja å vekse, å spire der inne
i hjartedjupna du planta eit frø:
eg skal atter få leve, du valde å dø
for oss frostige, stridige sjølvgode tre
steig du like inn i dødsriket ned
stod opp att i velde, som den klaraste stjerne
tinte frosten og skamma som gleda fekk fjerne
og planta på ny denne songen, den første
eg syng den for Deg, du som lindra all tørste!
onsdag 21. september 2016
Kjeldene #7
eg høyrer slaga
frå
tunge fjerne klokker
nærme
seg
ei
dirring frå urgamle tider
lyfter
byen frå fjellet gjennom skyene
speglar
den som gull i havet
let
lyset omfamne skuggane rive dei sund
let
kjeldene strøyme fritt og openberra
for
mitt nyskapte hjarte
ser
i djupna
at
alle mine kjelder
er
i deg
tirsdag 29. desember 2015
Oppstoda av kroppen
Eg trur på oppstoda
av kroppen, mitt skrøpelege telt
reist i kjærleik
til eit tempel, innvigd og heilag
Eg trur på oppstoda
av kroppen, mine ustadige atom
sirkulerande i bane
rundt alt anna enn det heilage
Eg trur på oppstoda
av kroppen, min vesle bustad
mitt korte sekund av æva
Ein dag skal den byggjast på ny
Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit omvendt fall
frå jorda, som ein eksplosjon i revers
tilbake til det dei kalla “meg”
Eg trur på oppstoda
av kroppen, ein evig restaurasjon
med presise mål: Ein heilag Gud
som byggjer sitt barn på ny
Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit nytt liv
ein ny bustad, så annleis enn denne
og fundamentalt betre
Eg trur på oppstoda
av kroppen, min kropp
min evige kropp, bygd av jord
frå Guds eigen hage
av kroppen, mitt skrøpelege telt
reist i kjærleik
til eit tempel, innvigd og heilag
Eg trur på oppstoda
av kroppen, mine ustadige atom
sirkulerande i bane
rundt alt anna enn det heilage
Eg trur på oppstoda
av kroppen, min vesle bustad
mitt korte sekund av æva
Ein dag skal den byggjast på ny
Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit omvendt fall
frå jorda, som ein eksplosjon i revers
tilbake til det dei kalla “meg”
Eg trur på oppstoda
av kroppen, ein evig restaurasjon
med presise mål: Ein heilag Gud
som byggjer sitt barn på ny
Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit nytt liv
ein ny bustad, så annleis enn denne
og fundamentalt betre
Eg trur på oppstoda
av kroppen, min kropp
min evige kropp, bygd av jord
frå Guds eigen hage
torsdag 4. september 2014
Trust
golden days will pass
as the sun makes its way
over diverse landscapes,
leaving behind a green belt
sparkling shades, waving
like an ocean in the wind
awaiting days of destruction,
days of loss, mourning
as death himself
picks his way through the forrest
-
in days of golden sorrow
trust is lingering in days ahead,
creates the hope
of resurrection - one day
after winters cold, white plaid
is drawn aside
(onsdagstema)
Etiketter:
død,
forandring,
haust,
håp,
onsdagstema,
oppstoda,
syklus,
tru
søndag 17. august 2014
onsdag 4. juni 2014
Øydemark
ørken,
ja, ørken
bak
sløret
ventar
ei øydemark
ein
veg du skal gå
til
endes
utan
vatn, utan lys
utan
klede, utan håp
heilt
til du rundar siste svingen
må
du gå me nedbøygd nakke
slepe
beina etter deg
legge
bak deg eit spor av blod
og
tårer
eit
far dei kan sjå, men utan trøyst
heilt
fram
gjennom
ørken og sand
mellom
lysglimt frå framande kystar
under
ein uendeleg stjernehimmel
og
den totale stilla
som
sluker alle dine tankar
knuser
dei til støv –
heilt
gjennom
må
du gå, til huda er borte
og
hjartet ligg nake og ope,
du
må lyfte deg fram
med
nedslegne auge
og
falle på blodige kne
din
siste pust skal du bruke
på
orda du må seie
før
du dør
før
du sig til jorda
som
sluker din kropp
-
men
hjartet skal endrast,
frå
det skal det spire
langt
under molda
ein
kime mot lyset
ein
tynn og spinkel renning,
planta
ved ei elv
under
ei sol
planta
i dei friske vindane
og
treet skal vekse
strekke
seg mot himmelen
og
dette nye
skal
no vere deg -
Abonner på:
Innlegg (Atom)