Viser innlegg med etiketten kropp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kropp. Vis alle innlegg

onsdag 11. november 2020

Mold i rørsle

moldkroppen løyser seg opp
og vert bygd saman

kvar morgon
glir delane i kvarandre

og eg kan kjenne livet strøyme
som rushtrafikk gjennom kroppen

- det er berre mold, tenkjer eg
let auga kvile i auga i spegelen

hud mot glas
eit blikk mot det uendelege

let meg falle bakover
kjenne det tomme rommet som eit dragsug

i det eg endå ein gong fell saman
og vert bygd opp på ny, ein transfigurasjon

så rask og smidig
at ingen i verda kan sanse det

og stig ut i den nye dagen
med moldkroppen nybygd, nyskapt, klar


fredag 30. oktober 2020

Flytteklar

huset skal rase

grunnmuren smuldre bort

urskogen ta over arealet

gro nye tre til nye plankar

 

rom for rom dett saman

trass solide konstruksjonar,

her slepp ingenting unna

tida et seg gjennom alle hindringar

 

det er ingenting gale med arkitekturen

eller korleis huset er reist

det er enkel termodynamikk

og tyngdekraft

 

dagen vil komme, eg veit ikkje når

og ingenting får eg ta med

når eg flyttar ut

og vekk

 

fredag 14. februar 2020

Avstand

etter kvart som tida gjekk
la eg merke til ei sakte endring
i korleis føtene møtte bakken

det var som dei byrja å forme seg
etter grunnen,
bøygde seg rundt røter og greiner
gav etter
der dei burde halde stand

kroppen vart mjukare
og eg trengde ikkje lenger unngå hindringar,
det ordna seg silkemjukt
av seg sjølv
når kroppen byrja å gli som ein skugge
rundt alle ting

til sist
var auga det einaste faste punktet
det var som heile verda bøygde unna
sjølv om eg visste 
         alle ting stod der dei stod;
det var kroppen min
som tok avstand --


fredag 9. november 2018

Noko var innom




kanskje kan me knuse
denne draumen
at noko verkeleg var der;
            at der var ein sommar
            at der var        noko
nytt, som liksom passa inn
endå me ikkje visste kva det var

kanskje kan me knuse draumen
og viske ut minnet –
men kvar celle i kroppen        vil hugse


tirsdag 29. desember 2015

Oppstoda av kroppen



Eg trur på oppstoda
av kroppen, mitt skrøpelege telt
reist i kjærleik
til eit tempel, innvigd og heilag

Eg trur på oppstoda
av kroppen, mine ustadige atom
sirkulerande i bane
rundt alt anna enn det heilage

Eg trur på oppstoda
av kroppen, min vesle bustad
mitt korte sekund av æva
Ein dag skal den byggjast på ny

Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit omvendt fall
frå jorda, som ein eksplosjon i revers
tilbake til det dei kalla “meg”

Eg trur på oppstoda
av kroppen, ein evig restaurasjon
med presise mål: Ein heilag Gud
som byggjer sitt barn på ny

Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit nytt liv
ein ny bustad, så annleis enn denne
og fundamentalt betre

Eg trur på oppstoda
av kroppen, min kropp
min evige kropp, bygd av jord
frå Guds eigen hage