Viser innlegg med etiketten Himmelen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Himmelen. Vis alle innlegg

onsdag 3. juni 2020

Alt ein dag

alt kan eg miste
alt, ja det meste
kan smuldrast og sleppast
som støv

alt i ein time
alt, sjølv det tome
må leggjast og løyvast
til ro

sjølv skal eg fare
sjølv, alt må fire
nedover mørket i marka
som mold

alt har eg vunne
alt, vil eg vinne
ein sigerskrans, sjeledans 
oppstodeglans


søndag 19. januar 2020

Håp





tanken om elva
kviler i sjølve elva, 
der draumen om elva oppstod
lenger oppe i dalen

ein gong gjekk du uti straumen
vatnet er blitt ditt liv

tanken om havet
kviler i hjartet av elva,
dit du går på dei svarte dagane
eller når frykta for straumen
grip deg

tanken om møtet mellom elv og hav
kviler i hjartet på mennesket i elva,
er som ei sikringsline
over avgrunnen,
ein tanke som kan lyfte og varme
under vinterisen på overflata

tanken om det som kjem, når elv og menneske møter hav
kviler der hjartet i mennesket er kapsla inn
i desse tynne silketrådane
som sikringslina er spunne av
og kapslar inn det varme, det trygge

let det kvile i seg sjølv
midt i straumen midt i elva
der mennesket drøymer om eit hav
og dei kallar det
håp


fredag 10. november 2017

Det veldige kanskje



det ukjente, store
som ligg og ventar – der framme
om du finn vegen
gjennom labyrinten

eit mål som glitrar og lokkar
vinkar deg nærare
endå du ikkje ser det, høyrer det
eller veit noko om det

dette veldige kanskje
dette – slottet – på andre sida
der tankane kan finne kvile
for frykta

ein dag legg du båten til kai
dreg inn årene
kjenner kjølen skrape mot tang og skjel
og varmen trengje gjennom frosne klede

og du kjenner deg att;
dette kanskje har du bore
som ein skatt i hjartet
heile vegen til enden av labyrinten


lørdag 18. juni 2016

I trygge hender




den som kunne dansa
seg veg
inn i stjernene
til ein melodi
frå eldgamle
røter og mold og vatn,
alt som gir næring
til musikken
i kvar fiber, kvar celle
og let deg strekke deg utover
mot æva –

for så å falle i trygge hender
som tek deg imot,
let deg sveve gjennom rommet
på denne bølgja
av tid
like inn dit
alt har sitt opphav
og du finn deg sjølv
knelande, boblande glad
for ei trone
og dei milde auga
ynskjer deg velkommen heim


tirsdag 29. desember 2015

Oppstoda av kroppen



Eg trur på oppstoda
av kroppen, mitt skrøpelege telt
reist i kjærleik
til eit tempel, innvigd og heilag

Eg trur på oppstoda
av kroppen, mine ustadige atom
sirkulerande i bane
rundt alt anna enn det heilage

Eg trur på oppstoda
av kroppen, min vesle bustad
mitt korte sekund av æva
Ein dag skal den byggjast på ny

Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit omvendt fall
frå jorda, som ein eksplosjon i revers
tilbake til det dei kalla “meg”

Eg trur på oppstoda
av kroppen, ein evig restaurasjon
med presise mål: Ein heilag Gud
som byggjer sitt barn på ny

Eg trur på oppstoda
av kroppen, eit nytt liv
ein ny bustad, så annleis enn denne
og fundamentalt betre

Eg trur på oppstoda
av kroppen, min kropp
min evige kropp, bygd av jord
frå Guds eigen hage