Viser innlegg med etiketten håp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten håp. Vis alle innlegg

mandag 5. oktober 2020

Livlinehjarte

blikk i grå bakke
vegar som vaknar i hjartet
medan lyset smalnar, flyktar
for frostnattimane utan fridom

blikk som leitar i vilske
etter vegar å vakte, elske
ein stig gjennom kratt, ei line over djup
opnande gap i grunnen pustar død

auge som møter auge
ein varme i hud mot hud
hender strekt over avgrunnsdjupet
mitt eige liv er du livlinehjarte





fredag 25. september 2020

det smale lyset langt der oppe

det er langt ned

til hjartet sine kjellaretasjar

og ingen stige opp att


berre dette svaiande tauet

eg kan halde fast i

og håpe

nokon vil finne 


og hale meg opp att



mandag 10. august 2020

Håpet rundt hjartet

håpet krystalliserer seg
først som ein dråpe, stadig seigare
frå sjela sine ytste greiner

fell mot bakken
som ein utstrekt tråd, frå eit nullpunkt
og inn i dette som vert stadig fastare

og lag på lag
vert den tynne tråden snurra rundt hjartet
til det ligg innkapsla og trygt

fordi ein ikkje lenger berre trur
men har funne visse
om håpet sitt endå ukjente utgangspunkt


tirsdag 21. juli 2020

Endå skjult

eit digert grønt eple
gøymt i blomen

ei skinande sol, gøymd
i sky av støv
bak auga, inst i hjartet

eit innpakka tre
i frøet, fyller lomma
håp

i vatnet skjult i skya
dampande framtid
i regn
som endå ikkje har falt
tid som endå ikkje
har gått

skal
        endå
                  ikkje
sprengt


torsdag 25. juni 2020

14 ord

eg gav deg fjorten ord,
fjorten av dei viktige
som
kjærleik
håp
og tru  -  det er kanskje dei største
men du fekk også kos
ærleg
trufast og mjuk

det du aller mest ville ha
pakka eg inn
og gav i gåve
ved alle store høve,
ord som tid
ro
og fellesskap

og varme blikk ...

dei tre siste laga eg
eit smykke av
og hengde det rundt hjartet ditt
som ei påminning
om noko berre du og eg har saman

der heng dei
skjult for andre auge

det er berre me to
som veit --




torsdag 4. juni 2020

Nye sprang

nokon ventar
eit steinsprang i mergen
nye sprang
frå det som ein gong sprengte

løyve til å drøyme om
løyve til å kysse
løyvet til å springe

forbod mot skuggar  --
lyset bles som ein vind over hagen
stryk mjukt over uslipte steinar
ruggar dei til kamp
nye sprang
frå det som ein gong var eit sus

i håp om botnar 
som svinn

svingar vinden i enden av eit tau
sveiper over marka
lagar spor i sanden, spor i huda
ventar
        på noko
med fullmakt til å aldri stoppe


søndag 12. april 2020

Håp gjennom døden

me sørgjer
men ikkje utan håp,
ikkje utan ein stråle av lys
over den fjerne horisonten

lyset leier veg
gjennom dødsskuggedalen
og over den siste elva,
heilt inn i vårt sanne heimland

-

Jesus gjekk først
me kjem etter,
i dette kviler vårt håp,
i dette kan me bygge 
eit liv


søndag 2. februar 2020

Mørkemann II

det vert så tomt her inne
når orda tonar ut
og mørkemannen smiler
sitt liksomlune smil

for det han har sagt
skal vere så allment akseptert
og smart

så at eg vert redd av orda
kjenner meg liten
som ein frostig fugl
er langt utanfor alle førestellingsevner;

du er kjemiske reaksjonar sa han
det er alt,
og vegen fram til no
er ei rekke tilfeldige hendingar

at tida starta
er eit mysterium
med ei logisk forklaring
og når du dør
er du borte borte borte borte borte borte    borte     borte

borte

seier han
og skisserer opp milliardar av år
utan min eksistens  --  og aldri kjem eg att
så det gjeld å bruke tida godt
smiler han
mørkemannen: YOLO!

og eg krympar meg i smerte,
kjenner tyngda av verdsrommet
smelle inn i vakuumet nedst i hjartet,
der den eksistensielle krisa held på å reise seg
som eit monster av gjørma

--

eg gjer det einaste eg veit
kan tenne lyset i auga att, kjenne
varmen spreie seg i kroppen
og gleda vekse:

eg bøyer knea,
vender meg til han som sa
eg vil gje deg framtid og håp

og kjenner noko spire fram
i lysstrima frå himmelen


søndag 19. januar 2020

Håp





tanken om elva
kviler i sjølve elva, 
der draumen om elva oppstod
lenger oppe i dalen

ein gong gjekk du uti straumen
vatnet er blitt ditt liv

tanken om havet
kviler i hjartet av elva,
dit du går på dei svarte dagane
eller når frykta for straumen
grip deg

tanken om møtet mellom elv og hav
kviler i hjartet på mennesket i elva,
er som ei sikringsline
over avgrunnen,
ein tanke som kan lyfte og varme
under vinterisen på overflata

tanken om det som kjem, når elv og menneske møter hav
kviler der hjartet i mennesket er kapsla inn
i desse tynne silketrådane
som sikringslina er spunne av
og kapslar inn det varme, det trygge

let det kvile i seg sjølv
midt i straumen midt i elva
der mennesket drøymer om eit hav
og dei kallar det
håp


fredag 21. september 2018

I denne straumen




i denne straumen
av flytande håp

er orda
det faste fjellet

leier vatnet dit det trengs
gjennom kupert terreng

frå kjelder utanfor
vår forstand


lørdag 11. august 2018

Rosa




å, barmhjertige rose
du uskuldskvite blome
naivt vendt mot verda

med opne auge, truskuldige blikk
orda drys som roseblad
framfor føtene mine – å rose!

du kjærleiksraude blome
med eit hjarte som blør i mørket
for nattmenneska og alle opne sår

let fargane renne saman,
din uskuldige, varmblodige kjærleik
som ein manifestasjon av godleik –

gjev vi alle kunne møtast akkurat her,
mellom det naive håpet for morgondagen
og den varme gløden i vår omsorg
for dei som lir