Viser innlegg med etiketten svik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten svik. Vis alle innlegg

mandag 15. juni 2020

Eit lukkeleg liv

så var det kaptein smile-bill
- ein pirat
ingen no har kjennskap til

han arva eit skip
og ei kiste med gull 
gøymt i byssa

denne vart brukt
med måtehalds vit, 
medan sjømannen
verdshava kryssa

voggande bølgjer
utanfor alle konfliktar --

den dagen han gjekk 
           over ripa
på siste ferd
var kista tom
- brukt til å koste eit lukkeleg liv

ingen kart låg att
til jegerar
med nase for skatt -

--

velsigna smile-bill, sa folk
om han berre hadde fått 
fred for svikarars dolk
var det slik      det ville gått -




tirsdag 6. august 2013

Kvardagsjudas



Måndag sov eg heilt til klokka ti,
men sa til sjefen
at eg ikkje klarte nå att bussen

Tysdag sneik eg inn på kino,
såg ein film
eg kanskje ikkje burde sett

Onsdag tok eg pengar ut frå kassa,
kviskra for meg sjølv – eg skal betale dei tilbake
ein gong –

Torsdag såg eg med forakt
etter tiggaren på hjørnet
og horene som venta sine kundar

Fredag snakka eg bak ryggen din,
men berre litt, altså,
berre akkurat nok til å bli populær

Laurdag stemte eg på dei
som vil ha flyktningane ut
La oss klare oss som best – der vi er

Søndag tok eg på meg fine klede,
bøygde kne bak kyrkjebenken,
før eg toa mine hender og gjekk heim

torsdag 28. mars 2013

Skuggebilete



I dag er eg ein skugge
av meg sjølv
Eit bilete av den eg kunne vore
Den eg var 
Ja, verkeleg var, i går, eller dagen før det
Før eg snudde timeglaset
heile vegen rundt,
let sanden renne tilbake der den kom frå

Det kosta ikkje mykje
Berre tretti bitar sølv
Prisen vart likevel for høg;

eg mista alt,
meg sjølv --
Alt som er tilbake er ein skugge
av den eg kunne vore

Den eg aldri vil kunne bli…

mandag 3. desember 2012

Diagonalen



Ei linje frå starten
og heilt til endes –
frå ei side, til den andre
Vi her, og det uoppnåelege
der

Mellom oss: det som stenger,
det som lokka oss vekk
frå linja,
flytta auga våre frå målet
og inn mot oss sjølve

No ser vi alt
i avgrensa perspektiv,
hindra av
tåkeprat, og våre eigne
eindimensjonale tankar

Men:
Nokon ser
Nokon veit kva som må til;
kva som må vekk

og tek saka i eigne hender,
gjennombora av svik
og alt som gjekk gale på vegen