Viser innlegg med etiketten livet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten livet. Vis alle innlegg

torsdag 9. november 2023

Kanskje

det kan absolutt skje

at eg går inn feil dør, hamnar utanfor

der eg skulle vore innanfor

på eit anna plan, som ein prikk mot horisonten

langt vekke


det kan skje

at ingen vil oppdage at eg ikkje er der lenger

for orda er så svake, omrisset av den eg var

dekkjer ikkje lenger kroppen


det kan skje

at eg berre fell og fell, som eit lauv i haustvinden

men landar mjukt mot bakken, mjukt mot molda

mjukt i hender som tek meg i mot -


det kan absolutt skje

at feil dør viser seg å vere riktig dør

og utanfor er det same som innanfor - i dette tilfellet,

og om ingen ser meg

er det likevel Ein som fangar meg inn i


og kanskje er det alt som skal til


mandag 30. november 2020

Midlertidig

orda legg seg som fotspor
i nysnø

viser at her har nokon gått
her har nokon ytra seg

her har nokon vore til

så kjem våren, snøen smeltar
spora forsvinn

og ingen vil minnast orda
eller han som førte pennen


søndag 29. november 2020

Tidsportalen

mellom kvart tre i skogen
står ein portal til ei anna verd

går du mellom bjørkestammane
går du inn i framtida

vårregn på eine sida
er haustregn på den andre

og kjem du langt nok unna, vadar du i snø
som kjem fykande med vinden

så kan du sirkulere rundt
den eine stammen
til tida går baklengs,
og du kan spole tilbake til glade sommardagar
med løvetann i håret
og smørblom på haka;

til sist må du forlate skogen,
for slik er lovene her

du får di tid
før haustvindane tek deg med         bort




tirsdag 24. november 2020

Noko meir?

han var sikra

på alle vis

bygde seg opp, høgare

oppover opp 

over alle andre

som han så djupt forakta

for deira sløve evner til å klatre


og sat der på toppen

vaiande med sigaren

på eit berg av gull

sukka, mellomnøgd, skoda ut mot horisonten

undra

kva no?

er det ikkje noko meir? 



onsdag 18. november 2020

Inn i det ukjente

noko held meg fast til livet

som ei livreim, ei fangline

midt i stormen


vegen eg går svingar gjennom skogen

og føtene veit vegen

like lite som auga veit kvar dei skal sjå

for å finne svar på alle spørsmål


i horisonten er utropsteikna oppstilt,

eit rekkverk på kanten av verda


skal eg nokon gong bli fri

må eg velte horisontrekka, trengje meg forbi

inn der det ukjente breier seg utover

og tankane møter 

den motstanden dei treng



tirsdag 17. november 2020

Alt kan gå

 

alt kan gå gale

om du berre prøver hardt nok

legg deg i selen

og strittar imot

det du veit må komme

som eit snøskred, buldrande, ustoppeleg

når du minst anar det


alt kan gå

ein annan veg enn det du trur

for dagen spring fortare enn deg

og natta er ein luring som smett unna

alle dine famlande forsøk

på balanse


difor kan alt gå

i oppløysing, falle saman

alt før det er bygd

og du står att med deg sjølv

som einaste gevinst

i ditt eige lotteri


kanskje er det godt nok

likevel



mandag 16. november 2020

Orkesteret fortset

orkesteret fortset å spele

utan sin nye 2. fiolinist

FN-ambassadøren

fredsmeklaren

ho som løyste kreftgåta

han som revolusjonerte

fjernsynsdramaet

 

orkesteret fortset å spele

endå 11. veke kom og gjekk

på døden sine premiss

 

 

lørdag 14. november 2020

Noko som et

 

tida berre forsvann

i det store tomrommet, kvervelvinden

etter orda dine


hjartet forsvann i same slengen,

liksom berre imploderte til ei nøytronert

og falt gjennom golvet i auga dine


lenger bort kjem me

viss me roterer på same staden

og let som me flyr over hava


det næraste

er det som er fjernast

og det som et av liva våre

nektar å gi seg

uansett



mandag 9. november 2020

Mål

 

så mange linjer frå fortida

i stille strek

over papiret

mot forsvinningspunktet

langt der framme


vert ein veg eg kan gå

der hjartet smeltar 

inn i spora

i velsigna symbiose


stille strekar

som ei hand 

strekt ut, lyftar meg fram

mot mål


torsdag 5. november 2020

Byggjesteinar

dei små tinga du ikkje ser

dei som berre er der

og byggjer livet ditt, bit for bit


som den irriterande vekkarklokka

du først saknar

når den ikkje ringer


klikket frå knappen på kaffitraktaren

lyden av vatn som renn i vasken

det vesle knirket nederst i trappa

låsen på ytterdøra, som alltid treng ein ekstra dytt


det vesle nikket frå bussjåføren

dråpane som renn nedover sidevindauga

lyden av joggesko mot grusen på nyberre vegar


alt som berre er der

og er livet ditt



tirsdag 3. november 2020

Noko nytt

prøve noko nytt, kanskje
vere glad
for regnet og vinden
prøve det slitte blikket
i møte med det skumle;
vere glad
i lynet og stormen
omfamne steinras og flodbølgjer

gå på nye stiar, kanskje
smile lukkeleg
mot opne sår
og la vere å plastre skrammer
og stikk
prøve dette nye i det gamle,
måle alt opp mot hjartet
og våge vere lukkeleg
trass alt


mandag 2. november 2020

Streve under sola

fjella gir att
ekko frå ekko

ingen kjenner grensene
der skogen startar
skogen sluttar
og alt anna tar til

det er vanskeleg å byggje
murar
for alltid hamnar dei feil

murar der
ingen murar
skulle vere

og så må alt rivast
og byggjast opp att

ny sveitte på gamal sveitte
nytt blod over gamalt blod
nye bein
nye stemmer
der dei gamle stemmene var før

sola står opp og går ned
to millionar gongar til
utan å bry seg


søndag 1. november 2020

Noko å døy for

eg som har så mykje

å leve for,

dette som dyttar blodet rundt

og gir meining til det auga ser;


eg har noko å døy for,

eit nybrottsland bortanfor alt

og dette landet

lever og pulserer under huda

 

difor har menneska eg møter verdi

difor vil eg kjempe mot uretten

difor vil eg møte morgonlyset med gledesrop

difor vil eg bøye meg når det trengs

og stå støtt så sant eg kan

og gå endå ei mil

om eg må

 

for det som er verdt å døy for

er også verdt å leve for

og det verdifulle livet

har ei retning som gir ro 

til å fokusere

 

onsdag 28. oktober 2020

Golv blant golv

golvet er min venn

kviskrar du,

let deg valse ut

som ein innsjø på stovegolvet

der hjartet er den einaste 

taktfaste rørsla

me kan observere


så glir du i eitt med landskapet

og me kan vente og lengte

medan vissa om det me veit

brenn seg djupare inn


og golvet gyngar av garde

blant alle andre golv

i universet


kan me flyge utan vengjer

kviskrar du,

og me veit det 

er det einaste me kan



mandag 26. oktober 2020

Endring i dag

i dag let nokon att døra

i dag opna andre ei anna dør

 

i dag forsvann utsikta du elska

i dag opna du eit anna vindauge


i dag gjekk noko tapt

i dag vart noko anna vunne


i dag er du ikkje lenger den du var

i dag er du den du er



søndag 25. oktober 2020

Ein felles fiende

me irriterer oss over treet

her me går, surmulande

med auga i bakken, let dei følge

skuggane av greinene krysse vegen

og me jamrar oss

og klamrar oss til kvarandre

sin forvridde redsel -


hadde berre treet vore borte

ville vegen vore ein triveleg veg å gå

mumlar me mot bakken

og byksar vidare, tek lange steg

for å kome raskt forbi og vidare

i verda


hadde berre treet vore borte

ville verda vore ein vakker stad

alt ville vore annleis og betre

mykje mykje betre, og liva

ville gått på skinner

samstemmer me --


let eit siste gys gå gjennom kroppen

før me er forbi

og ikkje lenger har akkurat dette

å klage på

 

men lenger nede i bakken

står det fælslege, solfalma

fartsskiltet

 


lørdag 24. oktober 2020

Når vinteren skal sikrast

tunge fottrinn på mjuk mose

ein støvel, ein til 

og jegeren med vaktsame auge

mot skogkanten


vinden er imot, verda er stille

som like etter ein storm

eller like før

ein eksplosjon i miniatyr


metall mot kjøtt, blod mot snø

sveitte, frostrøyk og stive musklar

når byttet skal i hus


livets omskiftelege varme

er aldri så tydeleg som her



lørdag 10. oktober 2020

I det grå

utan gitter 
var fengselet ditt,
døra stod alltid opa

her kunne du vandre fritt
ut og inn, inn og ut
men gjorde det ikkje --

dagane var fylte av lys
for sola var bedageleg
i si strålande ferd over himmelen

likevel var det mørket du såg
for auga var rette mot skuggar
i hjørne og krokar og hol

endå huset ditt stod fritt
med utsikt til fjella og fjorden
og ei badestrand i passe avstand

var det tanken på kor smått og vesalt
alt saman, heile verda, var
som forma hjartet, tanken, tunga

let mørket fløyme fritt, grått vart det
i dette ditt vesle fengsel,
og rolla som fangevaktar vart fylt

til siste millimeter
av deg sjølv


tirsdag 22. september 2020

Svev

eg har lenge streva med å nå

ned til bakken

unngå dette svevet

i luftlag utanfor meg sjølv


finne tilbake til mine gøymeplassar

i le for vindar, regn og lys


tilbake til den eg var

før verda tok tak

og dytta meg gjennom dør etter dør

ukjente rom, ukjente gater

ukjente tolkingar av inntrykk


ei ukjent utgåve av meg sjølv

og alt eg vil

er litt meir 

bakkekontakt