Viser innlegg med etiketten perspektiv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten perspektiv. Vis alle innlegg

tirsdag 24. november 2020

Noko meir?

han var sikra

på alle vis

bygde seg opp, høgare

oppover opp 

over alle andre

som han så djupt forakta

for deira sløve evner til å klatre


og sat der på toppen

vaiande med sigaren

på eit berg av gull

sukka, mellomnøgd, skoda ut mot horisonten

undra

kva no?

er det ikkje noko meir? 



lørdag 21. november 2020

Balanse

me kan leggje til

og trekkje frå

så mykje me vil,

balansen vil alltid vere der

ein eller annan stad

i det vide verdsrommet


kanskje går det nokon 

                     og tenkjer på sitt

i ein annan galakse,

og ikkje bryr seg det minste om

børssvingingar og lønsauke

i vår del av universet




fredag 13. november 2020

Redusert til ingenting

 

dei som vandrar oppned over måneflata

og set seg på kraterkanten, kikkar

ut i det store svarte

ser jorda segle likegyldig forbi

som om ingenting har hendt


berre det blå og det grøne og det kvite og det brune

i stille sirkulasjon

tømt for meining, tømt for ord og hud


kanskje er der ein napoleon, eller ein viking

ein holemann, ein dinosaur, ein einstein, det

er ikkje godt å seie

for alt det menneskelege er redusert til ingenting

på denne avstanden


det er så herleg stilt

seier den eine

og den andre nikkar, tømmer kaffi i kruset

og sukkar fornøgd


søndag 29. mars 2020

Forenkling

same korleis eg snudde og vende på glaset
var nivået lågt, 
væska nådde ikkje lenger opp
enn halvvegs
og eg sette det frå meg
med eit tungt sukk

gjekk på kjøkenet
og henta eit anna,
eit av dei som tidlegare var lysholdar
og ein god del mindre i volum

tømde væska over i dette
og rydda det gamle glaset vekk,
ut av syne

kjente at ein melodi bobla 
under overflata i hjartet,
nynnande sirkla eg rundt
og stirra på dette nye målet

heilt opp til randa
eit fylt glas, komplett
i sin enkle struktur

og hjartet fall til ro
fornøgd med dette enkle
det hadde lengta etter heile vegen


onsdag 25. mars 2020

Sjå det skjulte

midt i skogen
ser dei fleste av oss skog

andre ser byggeklossar,
ser hus som er gøymde bak bork
og greiner som snart er usynlege

ser dører og vindaugskarmar
listverk og 

snirklete utskjeringar
gøymt i mørket, pakka inn
i flis på flis og sagmugg

somme klappar treet,
og lyset som vert filtrert mot barken

andre klappar
ei framtidig trapp


fredag 7. september 2018

Flytte blikket




det kan vere at alt stort
og majestetisk
langt der framme
i horisonten
trer tydelegare fram
enn det heilt nære
og kvardagslege

at det du har, her
det som er ditt
får uskarpe linjer
            og bleike skuggar
samanlikna med det
du ynskjer å nå –

korreksjonen er ei fokusendring,
å opne auga og sjå
det heilt nære


 

mandag 27. august 2018

Utsnitt #4




så er det altså du
som har nøkkelen inn
til dei kvite områda
på sjelskartet mitt –

trekk meg nærare varmen
og lat meg kjenne gløden
i hjartet, elden i auga

kjenne fast grunn og
ei fast hand som leier meg
ut av mitt avgrensa utsnitt
mitt fengsel
ved porten til Paradis



søndag 26. august 2018

Utsnitt #3




utanfor meg sjølv
er eg avkledd, naken
kald som klamme tåkeskyer
ei vinternatt utan lys

likevel stig eg ut,
blottar sjela til alt eg er
løyser seg opp i enkeltfragment –
så du kan plukke meg opp
og løyse mysteriet dette livet er

eg er for nyfiken
til å halde meg inne