Viser innlegg med etiketten Hamburg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hamburg. Vis alle innlegg

fredag 7. september 2018

Flytte blikket




det kan vere at alt stort
og majestetisk
langt der framme
i horisonten
trer tydelegare fram
enn det heilt nære
og kvardagslege

at det du har, her
det som er ditt
får uskarpe linjer
            og bleike skuggar
samanlikna med det
du ynskjer å nå –

korreksjonen er ei fokusendring,
å opne auga og sjå
det heilt nære


 

fredag 17. august 2018

I ein bil




dei store konstruksjonane
veg millionar på millionar av tonn,
pressar mot jordoverflata
med umenneskelege krefter
utan opphald

over dei store djupnene
flyt det som er lettare enn lufta;
eit hjarte som lengtar heim
ein tanke krinsande om sitt eige solsystem
- ei hand, eit ansikt, eit smil, eit kyss

så skjer det eit møte,
mellom det lette og det tunge
og hjartet tek seg over, forskriftsmessig
etter dei eldgamle naturlovene –

lengten veg meir
            enn det som ber den