det var som orda rivna
bygde ned den gamle brua
steinane fall som regn over marka
til alt var ruinar og steinur
ein regress til eit før-
istidslandskap
utan rørsle
orda - som skulle berge oss
pepra den skjøre alliansen
mellom elskande hjarte
berre grunnmurane står att,
dei er alt me har å lene oss på
no
Viser innlegg med etiketten bru. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bru. Vis alle innlegg
søndag 3. mai 2020
lørdag 5. januar 2019
Denne brua
tirsdag 4. desember 2018
fredag 17. august 2018
I ein bil
dei
store konstruksjonane
veg
millionar på millionar av tonn,
pressar
mot jordoverflata
med
umenneskelege krefter
utan
opphald
over
dei store djupnene
flyt
det som er lettare enn lufta;
eit
hjarte som lengtar heim
ein
tanke krinsande om sitt eige solsystem
-
ei hand, eit ansikt, eit smil, eit kyss
så
skjer det eit møte,
mellom
det lette og det tunge
og
hjartet tek seg over, forskriftsmessig
etter
dei eldgamle naturlovene –
lengten
veg meir
enn det som ber den
Etiketter:
bru,
Hamburg,
hjarte,
konstruksjon,
lengt
onsdag 20. desember 2017
Eit lys i verda #20
like
inn til mine mørkast krokar
når stjernelyset
ubehageleg
klårt skin strålane fram
til
bortgøymde feilsteg;
dannar
ei bru, ein stige
eg
kan klatre opp frå avgrunnen på
torsdag 3. desember 2015
Den stille elva
dette
er ei stille elv
med
ukjente kjelder
ein
veg gjennom det turre;
me
byggjer bru over djupet
festar
auga på fjella når vi passerer,
lest
som elva ikkje er der
at
alt det grøne veks av seg sjølv
- sett
slike flotte enger
seier
me, sjå kva me får til –
og
elva renn vidare, stille
som
eit taust vitne i verda
er
ei åre til liv i seg sjølv
Abonner på:
Innlegg (Atom)


