Viser innlegg med etiketten veg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten veg. Vis alle innlegg

onsdag 6. mai 2020

Det uopnelege

vegen ut             den lysande porten
som ingen av oss andre sansa          såg        visste
var ei flate         ei hinne      ugjennomtrengeleg luft
utan kjenneteikn
som skilt eller milestolpar
striper langs grøftekanten
eller sesamord i antikk steinskrift        det berre var
som eit ingenting
mot ingenting
noko bak ryggane våre, eit lysglimt, eit skjær av gull
langs fjellryggane

elles ingenting

elles ikkje noko me kunne ane
anna enn eit mørke, eit skjult rom, ei ukjent kraft

og vegen ut låg stengt       usynleg for auga, urørleg for sinnet
             og du rørte ved flata
             med fingertuppane
trakk verda saman           smelta alt til dette eine punktet        eit punktum
nærast
for mørket
og ropte så hjartet smuldra opp i tusen bitar, fall, fell
som regn over marka
gjennom tida 
strekk regnet seg      gjennomholar mørket      knuser det uknuselege
opnar det skjulte, det stengte      det uopnelege
som no 
er ein veg

du kan bere meg på


tirsdag 28. april 2020

Spora

det er mange fotspor på denne vegen,
i alle moglege fasongar

nokon har gått her før,
opplevd tida sine bestemte dytt i ryggen

mange har trådd desse stiane,
sett sola gå over himmelen mot kveld

no er det me som går her,
nokon  -  som kjem etter  -  vil sjå spora våre


mandag 6. april 2020

Tilbake til vegen

eg veit om så mange vegar
som ikkje lenger har nokon retning

dei berre er der, går ut i eit namnlaust felt
i ein framand dimensjon

og alle som før visste kor vegen førte
har no mista målet

som ei tåkesky kjem sigande ut
frå den mørke underskogen

dekkjer landskapet - alt vert kvitt
og samtlege kart me har spart opp, er ubrukelege -

det er no me leitar etter gulltrådar, riskorn
brødsmular, steinar   --    noko
som kan leie oss tilbake dit me gjekk feil
og inn på ein veg som fører fram

ein veg som ikkje fører ut i natta
men inn i lyset


søndag 15. desember 2019

Ein veg ut

ein straum under bakken
blodet renn mellom røtene
til den ville skogen

ingen veit kor alt endar,
ingen har sett byrjinga på alle ting

alt me ser
er skogen rundt oss
og høyrer rislinga i dei stille bekkane
av blod
som gjennomsyrer landskapet
- det er dette trea veks på,
det er dette som er vår mat

og me brukar heile livet på
å jobbe oss framover     -      stadig lenger fram
utan at auga som møter den siste natta
har sett noko endring

---

ikkje før me stoppar, lyttar
høyrer blodet kviskre til oss,
for vegen ut
går gjennom blodet

det er den hemmelege utgangen
alle kan vite om,
viss dei berre får vite -