Viser innlegg med etiketten kors. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kors. Vis alle innlegg

onsdag 6. mai 2020

Det uopnelege

vegen ut             den lysande porten
som ingen av oss andre sansa          såg        visste
var ei flate         ei hinne      ugjennomtrengeleg luft
utan kjenneteikn
som skilt eller milestolpar
striper langs grøftekanten
eller sesamord i antikk steinskrift        det berre var
som eit ingenting
mot ingenting
noko bak ryggane våre, eit lysglimt, eit skjær av gull
langs fjellryggane

elles ingenting

elles ikkje noko me kunne ane
anna enn eit mørke, eit skjult rom, ei ukjent kraft

og vegen ut låg stengt       usynleg for auga, urørleg for sinnet
             og du rørte ved flata
             med fingertuppane
trakk verda saman           smelta alt til dette eine punktet        eit punktum
nærast
for mørket
og ropte så hjartet smuldra opp i tusen bitar, fall, fell
som regn over marka
gjennom tida 
strekk regnet seg      gjennomholar mørket      knuser det uknuselege
opnar det skjulte, det stengte      det uopnelege
som no 
er ein veg

du kan bere meg på


søndag 1. april 2018

Den tomme krossen


eg snur kikkerten andre vegen
ser bakover i tida
mot horisontane vi passerte –

kor mykje lettare det er å sjå
            vegen og samanhengen
denne vegen

i lyset frå solstrålane
som streifar den tomme gravveggen
skimtar eg skuggen av ein kross

det er ikkje lenger tårer som dimmar synet
eller den svarte sorga
som fyller hjartet

denne vegen, bakover
ser eg samanhengen
og tapet er omsnudd til siger


lørdag 4. april 2015

Påske



1
blomane trengjer gjennom
ei frostkald jord

ristar av seg sorga og døden,
strekk seg mot det strålande lyset

og påskemorgonsongen
siv ut frå kvar pore i blada




2
som eit fyrlys i tåka
eit skilt på vegen,

eit minnesmerke
over noko som er –

kyrkjespiret står der og peikar
som ein bombastisk proklamasjon:

Han vann
og du kan vinne!





3
dette er ventetida
mellom korset og den opne grava

eg har eit stille hjarte
det kviler i sitt tause mørker;

snart renn dagen, og steinen
vert velta frå hjartedøra –