vegen ut den lysande porten
som ingen av oss andre sansa såg visste
var ei flate ei hinne ugjennomtrengeleg luft
utan kjenneteikn
som skilt eller milestolpar
striper langs grøftekanten
eller sesamord i antikk steinskrift det berre var
som eit ingenting
mot ingenting
noko bak ryggane våre, eit lysglimt, eit skjær av gull
langs fjellryggane
elles ingenting
elles ikkje noko me kunne ane
anna enn eit mørke, eit skjult rom, ei ukjent kraft
og vegen ut låg stengt usynleg for auga, urørleg for sinnet
og du rørte ved flata
med fingertuppane
trakk verda saman smelta alt til dette eine punktet eit punktum
nærast
for mørket
og ropte så hjartet smuldra opp i tusen bitar, fall, fell
som regn over marka
gjennom tida
strekk regnet seg gjennomholar mørket knuser det uknuselege
opnar det skjulte, det stengte det uopnelege
som no
er ein veg
du kan bere meg på
Viser innlegg med etiketten Jesus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jesus. Vis alle innlegg
onsdag 6. mai 2020
fredag 10. april 2020
Inn i mørket
eg er edmund
med bøygd nakke
og ei erkjenning av skuld
som ei bør tyngre enn verda
på skuldrene
du er aslan
den stolte, store
som med opne auge møter mørket
og let deg senke
av svakare hender
til slutt er det du
som vil stige opp i strålelyset
og løfte meg med deg
ut av grava
i mørket er det vanskeleg
å sjå det komande lyset,
men du ser
og det er nok
for meg
med bøygd nakke
og ei erkjenning av skuld
som ei bør tyngre enn verda
på skuldrene
du er aslan
den stolte, store
som med opne auge møter mørket
og let deg senke
av svakare hender
til slutt er det du
som vil stige opp i strålelyset
og løfte meg med deg
ut av grava
i mørket er det vanskeleg
å sjå det komande lyset,
men du ser
og det er nok
for meg
søndag 5. april 2020
Den nye kongen
det er den nakne sjela
du treff
med orda dine
blikket ditt
som eit omvendt svepeslag;
eg kjenner noko vert reparert
sår som gror
skorper som dekkjer over
lækjande straumar
og gyldne glimt
så kjem du inn i livet mitt,
ein solvarm bris
innover dei frostaude slettene
innanfor sjela
alt fyller du
med friske fargar
og strålande lys,
gjer meg til noko anna, noko meir
enn det eg var
og eg helsar deg velkomen,
du, etterlengta Konge
som no ryddar opp
i mi styrelause einsemd
du treff
med orda dine
blikket ditt
som eit omvendt svepeslag;
eg kjenner noko vert reparert
sår som gror
skorper som dekkjer over
lækjande straumar
og gyldne glimt
så kjem du inn i livet mitt,
ein solvarm bris
innover dei frostaude slettene
innanfor sjela
alt fyller du
med friske fargar
og strålande lys,
gjer meg til noko anna, noko meir
enn det eg var
og eg helsar deg velkomen,
du, etterlengta Konge
som no ryddar opp
i mi styrelause einsemd
Etiketter:
Jesus,
konge,
palmesøndag,
påske
onsdag 31. oktober 2018
søndag 15. april 2018
Kyrkjeasyl
dei
mørke skuggane
frå
baksida av mitt eige hjarte
og
frå vrangsida av verda
kan
ikkje lenger nå meg
eg
har søkt asyl
i
ein større lekam
der
mitt eige vert oppslukt
i
fellesskapet
og
veggane er ikkje av tre eller betong
men
av levande ord
som
også er eit sverd
og
eit løvebrøl
bak
desse orda
og
dei naglemerka hendene
er
eg trygg
lørdag 17. mars 2018
søndag 11. mars 2018
Namnet
der
er berre eitt namn
éin
veg å gå
éin
stige å klatre
ut
frå desse ruinane
etter
eigne prestasjonar
medan
lokkeropa frå sumpen
festar
seg som borrar på huda,
ynskjer
å dra meg attende
til
det miserable
er
der eit namn, ein veg
eit
lys
som
løftar meg inn
der
varmen og kjærleiken
har sitt opphavmandag 15. januar 2018
Ordet til oss
det
inkarnerte ordet
viste
oss skrifta
med
kjøtt og blod
eit
ord for kjærleik
i
varme blikk, milde tonar
til
den som er i sorg
eit
ord for nåde
i
ei utstrekt hand – reis deg!
børa
di er borte
eit
ord for soning
i
kroppen som dør,
ordet
som byggjer bru
ein
grunn å stå på
og
mennesket vart ord
og
vandra gjennom tidene – til oss;
eit
glimt av ei større rettferd for verda –
Abonner på:
Innlegg (Atom)