det er i vinden stemmene bur
og i solstrålane
kjem blikka frå framande grenser
her er så kalde kantar
og golvet gyngar når me går,
kan me late att auga... -
om noko
kjem ansiktet heilt nært
og vert vevd inn i blodårene,
til alt me er og alt me kjenner
skrik i smerte
over dette som ikkje er oss
men kunne vore det, ja
svært godt kunne vore akkurat oss
det er vårt eige spegelbilete me ser
når me snur oss vekk
frå dei heimlause blikka
og vårt eige hjarte som vaknar til liv
når me vågar opne opp døra
og opne opp auga
og opne opp armane
for dette vesle me faktisk kan gjere noko med
Viser innlegg med etiketten asyl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten asyl. Vis alle innlegg
lørdag 28. mars 2020
søndag 15. april 2018
Kyrkjeasyl
dei
mørke skuggane
frå
baksida av mitt eige hjarte
og
frå vrangsida av verda
kan
ikkje lenger nå meg
eg
har søkt asyl
i
ein større lekam
der
mitt eige vert oppslukt
i
fellesskapet
og
veggane er ikkje av tre eller betong
men
av levande ord
som
også er eit sverd
og
eit løvebrøl
bak
desse orda
og
dei naglemerka hendene
er
eg trygg
Abonner på:
Innlegg (Atom)