Viser innlegg med etiketten vern. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vern. Vis alle innlegg

søndag 15. april 2018

Kyrkjeasyl



dei mørke skuggane
frå baksida av mitt eige hjarte
og frå vrangsida av verda
kan ikkje lenger nå meg

eg har søkt asyl
i ein større lekam
der mitt eige vert oppslukt
i fellesskapet

og veggane er ikkje av tre eller betong
men av levande ord
som også er eit sverd
og eit løvebrøl

bak desse orda
og dei naglemerka hendene
er eg trygg


fredag 18. mars 2016

Det som opna verda


det var dei mørke dagane
i stilla, i einsemd
utan verktøy til å balansere
mine eigne tankar
i forhold til inntrykk, og uttrykk
utan annan substans
enn tårer

så mange halvhjarta forsøk
på å sleppe inn sollys, luft
til å kjøle, fornye, reparere -
så mange ord, så mange blikk
så mange hudlause fingrar
etter dagar og netter i desperasjon

til sist: verda falda seg ut,
men annleis enn eg sjølv hadde tenkt;
sakte seig veggane ut
og taket vart bretta til side,
jamsides soloppgangen steig håpet
som eit sikringstau - eit ankerfeste

sjølve nøkkelen fekk eg aldri sjå,
men eg kjenner endå roselukta
som fylte verda,
og kjærleiken ligg att som eit varmande teppe
eit vernande skjold
mot mine eigne redsler og svik;
eit vern å krype under - til fridom




tirsdag 19. november 2013

Kontrollert



eg skal bere deg stødig
sjølvsagt skal eg det,
eg skal bere deg med faste steg
og sikre armar
over knirkande golv, gjennom
tunge dører, under trugande fjell –
sjølvsagt skal eg bere deg,
verne deg
vere trygge armar, varme smil
du kan lene deg mot, kvile, sove
for endå er verda di under kontroll
endå, ei stund til –


fredag 25. oktober 2013

Eit vern mot verda




det er du som er vernet
eg treng
dine armar, ditt bankande hjarte
ditt håp, ditt mot, di tru

det er du som kan løfte
meg opp
leggje meg hud mot hud,
gje meg ein stad som er heime

det er du som er skjoldet
mellom verda og meg
utan deg er det mørkt
er det kaldt, er det … ingenting

det er du som er lyset
som brenn, for oss begge
du og eg, eg og du
det er alt som kan telje – for meg


søndag 10. februar 2013

Mor



Det er hos deg
eg finn tryggleiken, vernet
mot alt det eg ikkje forstår;

hos deg finn eg varmen og gleda
som ei fyrlykt som lyser opp leia
mellom skjulte og opne skjer;

hos deg finn eg kjærleiken,
dei opne armane
som alltid lyftar opp når eg dett;

hos deg
ser eg meg sjølv
slik du seier eg er