Viser innlegg med etiketten mor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mor. Vis alle innlegg

søndag 8. mars 2020

Kvinna i historia

gjennom historia
står den sterke kvinna der
som ein los på skipet,
leier det gjennom uroleg vatn
med stødig hand

kor snodig det skal vere
at denne helten ved fronten
ikkje fekk tale si eiga sak
eller seie sitt om korleis skipet skulle styrast,
ho som før hadde lagt seg sjølv som skjold
mellom båten og skjeret
enn å la borna ombord
møte farar aleine

ho, som ser lenger inn i mørket
enn nokon mann ville klart,
og likevel sett ned på,
likevel heldt for å vere
nummer to -

nei, løft losen opp til den ære ho fortener
og la latteren stilne i byssa

er det ikkje nettopp kvinna
mora, losen
som gjer at du kan sitje her
varm og trygg
endå sjøen går meterhøg der ute?


fredag 12. mai 2017

Kjærleik frå ei mor





er varm lava
strøymande over isbrear av frykt,
smeltar vekk den forferdeleg vonde
kvelande smerta som jagar gjennom blodet
men no
vert smerta sjølv jaga
av denne lavastraumen
av kjærleik frå ei mor

er lindrande vind
over aude ørkenlandskap av einsemd,
trøystar der håpet døydde og vener drog
og alt som står att er tørre stubbar
av det som ein gong var
men no
kjem vinden siglande
som eit levande plaster
frå pusten til ei mor


søndag 14. februar 2016

Du såg



det lyset det brenn
som ein fakkel i auga,
lynglimt frå eit hjarte
gjennom tid, gjennom rom

festa seg til kleda mine
trengde gjennom huda, håret,
tvinna saman nye nervebaner,
let blodet renne slik det skulle

og det brennande lyset
vart jordsmonn å vekse i,
vatn som næra, gav liv
til flammen som endå brann stille

kunne vel nokon mista vegen,
i eit slikt striregn
av kjærlege tankar
då du såg på meg –


søndag 9. februar 2014

M O R



M er for mor,
den tryggaste hamna
for ankring, for bunkring,
for starten på denne seilasen
dei kallar livet –





O er for omsorg,
og eg trur ikkje det er tilfeldig
at vi finn både M og O og R
i dette ordet –
 




R for rikdom,
men ikkje av det fysiske slaget –
Eg tenkjer på alle minne
alle klemmar og kos
alt det som vert putta oppi livssekken
og sendt med på ferda ut i verda

Og medan båten stampar seg veg
gjennom bølgjer og storm,
over blikkstille vatn, i regn, i tåke
ser eg heile tida hamna
med sine trygge lys
like over horisonten der bak 


(Fototriss)

fredag 25. oktober 2013

Eit vern mot verda




det er du som er vernet
eg treng
dine armar, ditt bankande hjarte
ditt håp, ditt mot, di tru

det er du som kan løfte
meg opp
leggje meg hud mot hud,
gje meg ein stad som er heime

det er du som er skjoldet
mellom verda og meg
utan deg er det mørkt
er det kaldt, er det … ingenting

det er du som er lyset
som brenn, for oss begge
du og eg, eg og du
det er alt som kan telje – for meg