Viser innlegg med etiketten baby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten baby. Vis alle innlegg

torsdag 13. februar 2014

Screening, veke 10



Kvar gong eg ser deg
som eit svart-kvitt bølgjande mønster
på screeningskjermen
vert eg fylt
til randa
av farskjensler, kjærlege tankar
om deg, om framtida
om det vi har felles, alt vi skal gjere –

Eg tenkjer på sykkelturar, rolege
frukostar med felles geisping
og deg i armkroken
medan vi ser barne-tv eller les ei bok
eller alle dei timane
eg kjem til å sitje ved senga di og synge
heilt til du sovnar
og eg går lukkeleg og stille ut av rommet
med slitte stemmeband
og eit hjarte som har fått mosjonen sin
også den dagen –

Eg ser deg, der du ligg og søv
som ei minidukke på screeningskjermen
og dei små rørslene
som du endå ikkje styrer,
men som snart skal forvandlast til
frenetisk krabbing over stovegolvet,
forsiktige steg langs stovebordet,
sleivspark på fotballen
og
med tida
stødige steg ut i verda –

Eg ser deg,
du er innkapsla, trygg,
midt i ei verd som kan vere hard og kald
og kynisk
overkøyrande
på måtar du slett ikkje kan drøyme om
og takk for det

Før du kjem til det punktet
at verda vert ein rund planet
med geværløp og tunge støvlar,
vil eg gje deg balast, vil eg gje deg
olje på tanken, lasterommet fullt
av kjærleik, av glede over livet

Mitt farshjarte bankar
Det er fullt av så mange ynskjer,
så mange håp
for deg –


(Det er nokre år sidan dette no - ho som eig føtene har for lengst fått kontroll på dei, og fyller snart fem år! Bildet er frå rutinekontroll i veke 18. Teksten er skrive i samband med tidlegscreening av veslesøstra nokre år seinare. Det var ei utruleg oppleving å få sjå bein og armar og hovud og heile det fantastiske vesle underet så tidleg som veke 10 i svangerskapet - og vite at vi ein dag skulle få bli betre kjent med det vesle mennesket som låg der og vaks for livet!)

tirsdag 24. desember 2013

Barnet som et




Det rolege synet
av barnet som et;
Ein nyfødd baby, eit lite menneske
forsvarslaus, øm og varm
så mørke auge – denne verda er rar,
alt dei ser har han sett
- han kjenner det alt igjen
og sukkar stille
eit sukk så djupt
at det når inn til hjartet hos mora
(Kva tenkjer du på, kva fryktar du no,
vesle ven, vesle menneskebarn?)

Det rolege synet
av barnet som et;
og mora kjenner – meir enn ho veit
at den vesle har verda i hjartet;
og at verda vil stikke det sund –

tirsdag 10. desember 2013

Himmelmøte #4




Tenk å kunne knele her
så nær, så sårbar
med alle tankar utbretta, alle håp rissa ned
som grå skisser i hendene mine
og eg løftar dei fram
tek rundt handa til barnet,
slik eg veit at barnet ein dag
vil halde rundt mi hand
når eg ikkje lenger har styrke til å møte dagen
og nærmar meg den usynlege porten
til noko betre

Tenk å kunne knele her
så nær deg, så sårbar du er
og likevel – det er du som er den sterke
av oss to

fredag 25. oktober 2013

Eit vern mot verda




det er du som er vernet
eg treng
dine armar, ditt bankande hjarte
ditt håp, ditt mot, di tru

det er du som kan løfte
meg opp
leggje meg hud mot hud,
gje meg ein stad som er heime

det er du som er skjoldet
mellom verda og meg
utan deg er det mørkt
er det kaldt, er det … ingenting

det er du som er lyset
som brenn, for oss begge
du og eg, eg og du
det er alt som kan telje – for meg