Viser innlegg med etiketten glede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten glede. Vis alle innlegg

tirsdag 3. november 2020

Noko nytt

prøve noko nytt, kanskje
vere glad
for regnet og vinden
prøve det slitte blikket
i møte med det skumle;
vere glad
i lynet og stormen
omfamne steinras og flodbølgjer

gå på nye stiar, kanskje
smile lukkeleg
mot opne sår
og la vere å plastre skrammer
og stikk
prøve dette nye i det gamle,
måle alt opp mot hjartet
og våge vere lukkeleg
trass alt


onsdag 23. september 2020

Tovegsmonolog

akkurat som om nokon
tenkte ein tanke
som handla om deg     no

tenkte at du er ein person
det er mogleg å tenkje på
med glede

og denne gleda kan du merke
for den går begge vegar,
om du vil eller ikkje -
tanken er ein monolog for to

tanken lever ikkje aleine,
som hjartet alltid bankar i takt med noko anna
og ikkje slepp 

sjølv der grensa mellom huda og tanken
er eit hinder for beina, vil tanken sleppe gjennom
og gleda lyse som ein sluse
den kan vandre i


mandag 27. juli 2020

Der gleda er å finne

som ein steinhoggar
gyv eg laus
på det store berget

midt inni her, ein stad
ligg gleda som ei åre
klar for utvinning

om eg berre kjem djupt nok ned,
får ut nok slagg, malm på malm
i den store smelteomnen

til å hente ut
den foredla gleda
med sveitte og blod, og tårer
som eit avlat
i dei tomme malmgongane


torsdag 18. juni 2020

Eg er ein stein

eg er ein stein
i straumen

kasta inn
slipt
elta
velta
ført nedover
både med og mot
min vilje

til
hit

lyset gjennom vassdropane
dei andre steinane
si stille mumling

livet, straumen, vatnet, lyset
slik det vart
og slik det er

gleda
over å vere ein stein
blant steinar

fredag 5. juni 2020

Junimorgon

når denne natta er til ende
brest som ei boble mot berg
svevar nattfuglane inn over skogen
vert borte i lyset
frå ei nyfødd sol

då går eg med stille steg
over grus som knasar, grus som held
ei verd vidar seg ut
og skoa er stødige båtar på lyset

ei doggvåt grein over vegen
ein fuglesong, eit sus av vind
ein bekk, ein bilveg langt borte
ei stille som veks som ei rose, boblar fram
frå djupet og omkapslar alt med si glede



søndag 31. mai 2020

Den riktige sida av sommar

det er den riktige sida av sommar
vrangsida snudd på vranga
slik at hjartet får puste
og føtene står og trippar i nydusja grus

her bryt livet overflata
og svevar opp frå vatnet
durar som eit sjøfly
langs solstrålane over senga

landskapet opnar seg - det var tunge dører!
og no er dei ikkje berre opne
men vekksmuldra og knuste

ingenting kan stoppe oss no
vegen fører berre framover
og dagane ligg ubrukte i glatt innpakningspapir med sløyfe,
klare for dine ivrige
barnehender


tirsdag 18. juni 2019

Bøye seg

over alt ligg kjeldene til gleda
og ventar sine stille liv
på at noko skal hende -

at nokon skal bøye seg ned,
oppdage den vesle, raude blomen
så råflott og likeglad plassert
i denne stille delen av skogen
der ingen nokosinne går

her vil aldri noko auge fange lyset
og kjenne dei små strålane av glede
nå hjartet - frå akkurat denne blomen

slik står dei          millionar på millionar
av tause gleder og ventar
og kanskje er det du som slentrar forbi,
tek deg tid til å stoppe opp, bøye deg ned
kjenne lukta av fridom fylle organa -

kanskje er det du
som set gleda fri
og utan å vite det
gjer jorda til ein litt lettare stad å vere

mandag 23. april 2018

Eit betre lys



dette tunge lyset
i auga dine,
virvelstraumane i kjensla
av å stå på land
og sjå deg ute på djupet

og du er akkurat utanfor
rekkjevidde – å, mørke mismot
kor det tyngjer –

heilt til auga lysnar
føtene når botnen
og armane dine når mine
og gleda kjem siglande inn
som ei tremastra seglskute
og legg til kai –



fredag 22. desember 2017

Eit lys i verda #22



så er det ingen som veit vegen
dit gleda har sitt opphav

anna enn dette;
eit ord, ei kviskring, eit barn

eit lite barn
ei krubbe
ein song


fredag 18. august 2017

Kanskje fugl




kanskje kunne eg vere ein fugl
tenkjer eg
spring gjennom skogar landskap
der eg er kjent fri levande pustande
lukkeleg
ja
lukkeleg i meg sjølv
svevar gjennom denne verda som er mi
heile vegen
til deg