eg har sett inn i det store tomrommet bakanfor dei gylne bekkefara, der fiskane ikkje lenger sym i stim, men kvar for seg
finn nye vegar rundt det grå berget
let seg finne på ny og på ny, utan å røpe kjensler
er det ikkje slik me glei saman i dette rommet med stengte dører, ingen kunne sjå inn, ingen visste kva som skjedde eller ikkje skjedde, berre i vår eigne tankar fanst det svar på dei store spørsmåla me ikkje våga å stille
me var fisk i ulike bekkar, gøymd bak steinar
umoglege å flytte, finne, unngå
her var me, saman kvar for oss og verda var eit hav utanfor dørene, ein destinasjon
me aldri snakka om
i morgon skal eg synge denne songen, i morgon skal eg bre solstrålane om deg som ei dyne og varme hjartet ditt med ord ingen endå har laga, i morgon vil noko nytt tre inn
og veggane og dørene vil smuldre bort, dammen ligg der blank i morgonlyset
i morgon