Viser innlegg med etiketten ord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ord. Vis alle innlegg

fredag 26. mars 2021

På ny på ny

me kunne kanskje ta til att,

starte opp der me slapp


gripe dei gamle orda

eller finne nye som passar betre

der me er no


la orda vekse seg større med tida,

sørge for vekstvilkår

i eit karrig landskap


vere det me ikkje var

før me vart det me er

og kan leve med dette

å vere slike som stadig vert


tvinga til å starte på ny


det er jo noko fint i det også

mandag 30. november 2020

Midlertidig

orda legg seg som fotspor
i nysnø

viser at her har nokon gått
her har nokon ytra seg

her har nokon vore til

så kjem våren, snøen smeltar
spora forsvinn

og ingen vil minnast orda
eller han som førte pennen


torsdag 26. november 2020

Anger

slike ord som aldri er sagt
utan å falle som småstein
i milliontal
over kanten på stupet

fell mot bakken
som massen til eit fjell i fall
og lyden av eit lyn
i natta

ord som du prøver hale opp att
men må sjå
forsvinne i djupet
utan å vite kva dei treff --

ei knusande tyngd
i fjørlett pust


onsdag 25. november 2020

Mykje gøymt

det er mykje du kan gøyme

bak eit gjerde, under ein stein

utanfor rekkevidde

for vitet


store ord kan skjule tusen mistak

gøymt som usynlege komma

i ein skog, i eit vatn

der ingen vågar å opne munnen

                utan frykt for å kvelast

av gamle bokstavar på skrå i halsen


hundre små ord, som repetitive frekvensar

gjennom luftrøyr svarte av skuld

og auge som må haldast lukka

for ikkje å røpe alt ein veit

og som ingen skal vite at ein visste --


men det aller siste

er stilla og mørket;

ein sikker skjulestad, kan ein tenke

 

men til sist 

          kjem alt 

                     fram i lyset



torsdag 19. november 2020

mandag 19. oktober 2020

Eg stiller dei opp mot kvarandre;

likskapen mellom eit måkeskrik

og stemma som mumlar inst i øyret

når eg høyrer orda du lar vere å seie til meg

er påfallande stor


det er som akslingen i eit stort sykkelhjul

skramlar rundt, med øydelagde hjullager

og knekte spilar


nektar likevel å gje slepp 

på si eiga historie, held fast, knugande

med sanninga skjult mot hjartet

og auga på leiting etter ein utveg;


men orda dine kviler stille

i rommet der alle usagte ting bur

og alle mine protestar til tross

vil luftbølgjene aldri kome min veg



søndag 18. oktober 2020

Der me bur

kor i kroppen bur         du

som eg tiltalar og får svar ifrå

i meir eller mindre samsvar med mine spørsmål


orda kjem får både munn og nase og auge, 

og alle er samansmelta og overstrøydde med glitter


kor bur du, du som våga å utfordre mi einsemd

utan reservasjonar flytta du inn bak øyra

og let meg bli noko anna enn eg vart


for du bur i kroppen din ein stad

slik eg bur i min

og likevel

kan me kalla det eit kollektiv



onsdag 14. oktober 2020

Vinden for med orda

sakte la me språket frå oss,
dei mjuke, varme orda
dei harde, kantete orda
orda me hadde bore med oss
gjennom eit heilt liv

me la det frå oss i snøen,
såg det synke inn, som glødande metall
heilt ned til asfalten under og vidare
til det var borte

berre arr i landskapet
forma som dei tapte orda


snart kom vinden
sletta alt
og ingenting var att 

 

mandag 12. oktober 2020

Orda kvesser klør

noko bur i orda eg pustar på verda, 

eit vesen med tenner til hogg, klør som ventar

ein eigen vilje

ingen kan temje

orda veltar fram, bur der dei landar

okkupantar på framand jord;

nektar å gå, for


orda kvesser klørne

mot øyra dine

gong på gong

utan å spørje om adresseskiltet stemmer overeins

med huset som står i hjartet ditt



onsdag 7. oktober 2020

Menneske utan mysterium

me la skogen flat
for å sleppe unna 

dei frittflytande mysteria
me aldri fekk tak på

reiv opp alt med rot
og gjekk over med rive
så alt vart glatt og flatt og enkelt

ikkje eit einaste spøkelse
kunne gøyme seg på flata
og me sukka letta, tørka sveitten
og laga bål av opphøgd ved

fortel eit eventyr,
sa me til forteljaren
men ingen ord var å finne
og lengten etter det me hadde mista
kom brått og uventa

det var som me drøymde ein skog,
men dyra var ingen stad å sjå
og einsemda vaks til eit rom utan dører




tirsdag 6. oktober 2020

Fryktar orda

sakte let eg frykta sive inn
gjennom porene i huda

eg fryktar orda dine
at dei skal smelte noko i meg

trengje seg lenger inn 
enn det eg kan tole

så eg let frykta ta makta
i stilla før orda

du let auga kvile på meg
og frykta ropar: sei noko, sei det, sei orda

sei orda

la alt rakne
ikkje pin meg i uvissa;

når du opnar munnen
er det frykta som lyttar og frykta som svarar

og alt som rasar
skjer på frykta sine premiss -



søndag 13. september 2020

Gjere rett

eg kjenner alle orda

veit kva eg må seie


eg kjenner alle blikka

veit kva eg bør sjå

etter


eg kjenner alle tårene

veit kor dei vil lande


eg kjenner alt dette, og meir til

likevel er det så vanskeleg

å sope all kunnskapen saman

på riktig stad til riktig tid

og heile vegen gjere

det rette



onsdag 19. august 2020

2M

eg kler av ordet
lag for lag for lag
innover mot kjernen

ynskjer å skrelle av alt
til det står der
i det milde kveldslyset

nake, sart og ømt
som ein salve eller eit kjærteikn
over auga

sjå ordet som det er
utan alt støvet, filter og kostyme
som stadig slørar, skjuler

så eg fortset å rive, grave
tolmodig, men i hjartet veks eit frø
av tvil

eg dekkjer det med mørke
set over tunge møblar
skrik at det skal slutte å spire

la meg avkle, avsløre, knuse
i fred  -  til tida er moden
og berget for alltid sluker ordet

og meg


torsdag 13. august 2020

Frekvensar i såret

orda er ei smerte
utan musklar

ein stille song, eit blikk utan botn

sola varmar huda
månen syr att såra
frå det du ikkje makta
ta imot

slik vert refleksjonen
ein vegleiar
inn i det ukjente

der ingen finn språket att

anna enn som kravlande smil
i fotspora dine


søndag 9. august 2020

Nykonstruksjon

å stupe inn i boka
er som å stupe inn i ein snøstorm;
bokstavane piskar mot huda
        fykande mursteinar i vinden
og den underliggjande bodskapen
bøyer heile skogen, legg den flat

etterpå
er det stilt

heilt stilt

eg kan gå mellom restane av felte tre
og bokstavsteinane strøydde i snøen,
plukke dei opp bit for bit
studere, undre, leggje saman og trekke frå
til meininga stig fram
som eit slott
bygd på nyhogd tømmer
og mursteinar lagt i system 


torsdag 30. juli 2020

Stoppe i tide

dette er ord eg ikkje bør seie
ord
som
bør
falle

døde til jorda
før dei finn morceller i andre hjernar
og knuser seg
veg

gjennom membran-
konstruert kunnskap
langs
andre
tankebaner

ord som bør knusast,
klemmast fast
med tunge mot ganen
og svelgjast, druknast
i magesyre
før --

ja
heller før

enn seinare


lørdag 25. juli 2020

Forretningsidé

alle dei finaste orda
skriv me ned
og legg over elden

let dei smelte saman
til ei flytande masse
og heller dei på glas

berre fem kroner glaset
tek me
når interesserte vil ha dei med
til dømes på bussen

bruksområdet er enkelt;
eit lite spray
om ukvemsord
skulle stå som ein mur over vegen

og alt smeltar vekk, går opp
i ein velduftande røyk,
som parfyme, godlukt,
ein omvendt peparspray

fyller hovudet med blomar og lys
når det enn måtte vere behov --


fredag 10. juli 2020

Lag på lag

hud utan på hud
er orda dine eit skal
eg kan knyte om meg

eller tre ut av
som eit slangeskinn
ligg att, noko utbrukt

---

ny hud kan rullast på,
spraymala lag
gjennom telefonrør

ei tåke å springe i
lukke molekyla inne
og kneppe att
når det er fullt

---

smilet ditt festa seg ytst
og smelta gjennom,
svir varmt og søtt
mot mitt inste eg --


søndag 5. juli 2020

Song under vatn

den ellevte dagen
sat eg på berget
utan å kjenne orda
som alltid kverna
i magen

alt eg kjente i halsen
var ei heil rad fiskebein

føtene er dekte av risp
frå sjøkorallar i draumemodus
sakte kravlande gjennom tareskogen
over hud og negl
- eit åkerlandskap
i undersjøisk perspektiv

berget held på varmen,
spreier det gjennom kroppen
til ein taus mann
i svart kappe

bak tause brilleglas
blenkjer ein sjø
korallblått



torsdag 25. juni 2020

14 ord

eg gav deg fjorten ord,
fjorten av dei viktige
som
kjærleik
håp
og tru  -  det er kanskje dei største
men du fekk også kos
ærleg
trufast og mjuk

det du aller mest ville ha
pakka eg inn
og gav i gåve
ved alle store høve,
ord som tid
ro
og fellesskap

og varme blikk ...

dei tre siste laga eg
eit smykke av
og hengde det rundt hjartet ditt
som ei påminning
om noko berre du og eg har saman

der heng dei
skjult for andre auge

det er berre me to
som veit --