Viser innlegg med etiketten bok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bok. Vis alle innlegg

mandag 17. august 2020

Tilbake til benken

tavla vaks fram
som eit genmodifisert implantat
i det store fyrrommet
alt før bygget var påtenkt

ei pustemaskin bles liv i kritet,
fanga alle orda inn - frå tusen bøker
og batt dei til støvet, rull på rull
med opplagra visdom

så vaks veggane saman
tavla vart fødd
og kritet lagt i stilling, som våpen
mot ukunna, ein stille dom --

alt dette er ei maskin,
me vert sakte fordøydde
under oppsikt av vaktsame auge,
overbokstabelen veit alle tankar, alle ord

endå før dei er tenkt;
her slepp ingen unna


søndag 9. august 2020

Nykonstruksjon

å stupe inn i boka
er som å stupe inn i ein snøstorm;
bokstavane piskar mot huda
        fykande mursteinar i vinden
og den underliggjande bodskapen
bøyer heile skogen, legg den flat

etterpå
er det stilt

heilt stilt

eg kan gå mellom restane av felte tre
og bokstavsteinane strøydde i snøen,
plukke dei opp bit for bit
studere, undre, leggje saman og trekke frå
til meininga stig fram
som eit slott
bygd på nyhogd tømmer
og mursteinar lagt i system 


torsdag 6. februar 2020

Eit sverd

eg teikna eit sverd
på huda mi,
blåste på det, såg
det vart levande

fann sin eigen veg gjennom verda

trea bøygde seg
for sverdet, dyra skugga bana
fuglane sveva over det
i djupe sirklar
så himmelen vart mørk

eg leita etter blod
i spora som leia gjennom byen,
men fann ikkje anna enn bokstavar,
nedhogde, kløyvde bokstavar
makteslaust sett ut av spel
og lagt i massegraver
i kvart blomsterbed

eg såg blomstrane strekkje seg mot himmelen
og sverdet falle til ro
der boka tok slutt
- kan du viske meg ut
kviskra det
og la seg til rette på huda mi
som eit minnesmerke
over noko eg ikkje forstod


fredag 26. oktober 2018

Unnskyld du




eg har litt dårleg samvit i dag
og veit ikkje kva eg skal seie
for å forklare deg
kva som skjedde

det var ikkje ei viljeshandling
det kom ut av det blå
like overraskande på meg
som på deg

du kjenner deg kanskje forlaten
eg kan forstå det
og eg kjenner på ansvaret
det tyngjer og klemmer om hjartet

men eg kan ikkje snu
eg kan ikkje gå tilbake        til deg
alt er omsnudd og alt er nytt
når eg no har funne meg ei ny

favorittbok



søndag 17. desember 2017

Eit lys i verda #17



og boka på bordet lever
orda stig som varmluftballongar
frå sidene

stig inn i luftrommet
mellom auga og boka

og lyfter hjartet mitt vidare
like inn i himmelriket


lørdag 16. desember 2017

Eit lys i verda #16



eg opnar boka
boka opnar meg

saman studerer vi
kvarandre

til vi sprengjer skalet og stig ut
som nye skapningar