Tala er ein grå mur,
tankane eit virvar, orda flyt
- Korleis kan eg tenkje
med alle dei usynlege dyra
trampande rundt i klasserommet
i korridorane, i skulegarden –
Tankane svevar oppunder taket,
ein stille røyk mellom lysarmatur
og tida kryp sakte over golvet
- som ein snegel gjennom sirup –
Og likevel
går alt for fort
- dei usynlege dyra trampar rundt –
Eg dukkar i bøkene, prøvar feste blikket,
men ser berre meg sjølv, ser berre
dei andre
og alt mellom oss, det ingen vil sjå
- dei usynlege dyra som sit rundt pulten min,
eg er ein fange i min eigen fridom
Snart ringer klokka, snart vil dyra reise seg,
filteret mellom meg og det uunngåelege
vil rakne
og eg vert ein skugge, eit gjenferd
gjennom skjelettet av eit varmt hus;
Eg glir i eitt med interiøret
og forsvinn – før dei ville dyra rekk reagere
#vanskeleg
Det er få ting som er vanskelegare enn å lære seg algebra eller tyske verb, viss det einaste ein tenkjer på er korleis ein skal komme seg heilskinna gjennom neste friminutt.