Viser innlegg med etiketten korridor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten korridor. Vis alle innlegg

fredag 5. september 2014

Skuggen av eit ekko




det går ein skugge
gjennom tause korridorar

eg kan høyre solane
knirke mot varm linoleum

eg ser vitande auge
lette på persiennene

kikkar på dei stille borda, stille stolane,
observerer krittstøv og bortslengte ark

det går eit ekko
gjennom tause korridorar

lydar som ikkje lenger høyrast
men som endå gir liv til veggar og tak

eg høyrer kor bygningen pustar
eit sukk du berre kan vite

for det er stille, berre det ikkje-eksisterande
er tilbake, som varme, usynlege lysglimt

og korridoren går i dvale
under skuggen av eit siste ekko -





torsdag 21. november 2013

Ut av korridoren

1

vi som vandrar rundt mellom tette veggar,
i skuggar
med føtene stødige mot golvet
og blikket berre ein meter framfor,
alltid sikker, alltid tydeleg
alltid veit vi kva som kjem –
endå meir golv
endå meir veggar
endå lengre korridorar
med tryggleik –


2
vi som vandrar rundt med skylappar,
gjennom dagar så føreseielege
at vi nesten ikkje treng leve dei –

vi som forsiktig løfter blikket
til vindauga mot livet
og ikkje klarar senke det etterpå –
 

3
vi som slepp det vi har i hendene,
trengjer oss gjennom folkemengda,
spring mot døra, riv den opp,
stormar ut og tek inn det enorme synet –
så annleis verda er
for oss
som vågar å gå ut av korridoren –
 



4

vi som snur oss
ser alle dei som fortsatt går med senka blikk
i korridorane,
og endå ikkje har sett, ikkje veit, ikkje kjent
at livet er noko
meir –

vi som snur oss
og ropar:
løft blikket!
kom!



(Ein stück himmel)