Under andre
omstende
ville dette vore
eit møte i frykt,
eit møte under
mørke skuggar
med skjulte auge
og øyre
og flakkande
blikk,
usikre steg,
under andre omstende
ville du kunne
sjå våpen, ikkje syklar,
uniformer, ikkje
kvardagsklede,
vaksne born,
ikkje born
i ferd med å trå
inn i den vaksne verda,
og dei ville
snakka om
heilt andre ting,
under andre
omstende, kanskje
noko med død
eller slokna håp
for ein morgondag
som ingen har tru på vil komme –
(the weekend in black and white)