kor er du, menneske?
som eit strammande tau
om hender og føter
orda
kveilar seg, ei samanhengande rørsle
kor er eg?
undrar røysta
og eg
veit ikkje
for eg veit ikkje
kven eg er
tida er ikkje lenger eit ope lys
men eit rom
utan vindauge
bak desse veggane ein stad
finst eg,
stemma dreg meg fram
mot eit lys
som vil fortære alt i meg
eg kan sjå meg avkledd
ribba til sjela,
kor er du, menneske?
------- ?
menneske?
...
her, kviskrar eg
Viser innlegg med etiketten fall. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fall. Vis alle innlegg
tirsdag 16. juni 2020
tirsdag 15. mai 2018
søndag 23. februar 2014
Spor
(Fototriss)
Vere
spor av redsle i lyset
1
Fastlåst i mørket
På veg mot fridom
- verda greip tak
som eit hylster i
vakuum
på veg mot noko
større
Herifrå –
er det berre å
vente
på betre tider
Vere spor av håp
i mørket
2
Fastlåst i lyset
På veg mot fridom
- verda slapp
taket
som i ein
heliumballong
med kutta snor
Vi manglar
bakkekontakt –
Dregne mellom
utrulege høgder
og eit fall som
vert verre
dess høgare opp
vi kjem
3
Fastlåst i tanken
På veg mot fridom
- verda nektar å
sleppe,
nektar å gje slepp,
så vi tek det vi
kan
særleg det vi
aldri kan få
Herifrå,
heile vegen
gjennom er vi
uovervinnelege –
Og likevel dømt til å tape,
berre spora står
att, som vitne
tirsdag 3. september 2013
Fall gjennom tåke
Eg fell gjennom regnfulle tåker,
Eg fell mot den doggvåte mark
Eit fall gjennom tida, eit fall
Mot den eg har vore ein gong
Det er dagar som kvervlar og år som vil
fly
Som dråpar og strålar av regn
Det er tankar som ber meg, eit minne
Som stålpiler
hardt gjennom kroppen
Eg fell, ja, eg fell, om og om, om
igjen
- Eg ser verda som snurrar, der nede
Bakken nærmar seg, tåka vil lette
Eg opnar min munn til eit rop…
…mi smerte som lyn gjennom natta
Så startar det heile på ny,
Eg ser verda, den snurrar der nede –
Meg sjølv som ein svevande fugl,
Etter år – ein heil flokk utan namn
Tida reinsar, mi tid vert sortert
Eg fell gjennom tåke og tid
Abonner på:
Innlegg (Atom)