1
tomme hender strekte
mot tause himmelkvelvar
–
dagane er grå,
dagane er små
tida går frå
horisont til horisont
og let etter seg
eit spor
av naken lengt
over fjella
2
her, på staden eg
står
er orda forma som
blykuler
og samla i smale
hylster
eg ventar på tida,
at noko – nokon
skal sende av
garde sin skjøre lengt
i parabelbane
over landskapet mitt
at noko skal
møtast, kollidere
i smertefull, knusande
samansmelting
og falle som regn
over vintertørr jord
3
dette er ein dag
utan stemme,
orda når ikkje over
avgrunnen
mellom min og din
lengt
vi vender blikket
i same retning,
og denne vesle
felles rørsla
er alt som held
oss oppe no