Viser innlegg med etiketten forfall. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten forfall. Vis alle innlegg

fredag 28. april 2017

Det vi bygde





1

det vi bygde
og tenkte skulle vare
snart rasar det saman
går tilbake
til støvet det kom frå

bak det heile er fjella tause vitne

husa vert tomme
søkk saman under børa
av tause stemmer, fråvær
av liv og varme
forsvinn med vinden
og regnet og tida

bak det heile er fjella tause vitne

så skal også dei ein dag vike grunnen,
smuldre til sandkorn
skylt vekk i straumar av vatn
og ført av garde med vinden
til berre det aude slettelandet ligg att

2

eg ser med undring på landskapet
ser kor det forvitrar
endrar form,
ser korleis tankane mine vert forma
av tida og rommet
og kor alle ting er ustødige, små
i møte med dette ufråvikelege 
som sliper verda ned
bit for bit

3

utan håpet 
om noko meir
ville denne tanken vore skremmande mørk,
eit skrekkscenario
i mi imploderande tru på verda

for når verda vaklar
vert ei anna tru ståande att


lørdag 30. januar 2016

Fragmentering



eg ser meg sjølv i vindauget
i det eg går inn døra,
ein kort refleksjon
tilbake til den eg var
i det eg opna døra og steig inn

døra smell att
tre sekund er borte
eg er allereie ein annan




så raskt denne endringa går
eg ser meg sjølv
smuldre bort, oppløyst
som støv på bakken

eg mistar cellene mine
millionar borte i vinden
som spor langs stien eg har gått

eg kan aldri følgje dei
attende





det var enklare i starten
då eg kjende meg samla
heil
som ei konstant eining i verda
og verda var eit heile
stabilt og klart til utforsking

i dag er tankane mine delte
nett som kroppen, lemene
alle organa og vevet eg er bygd av

kompleksiteten aukar
og vissa om dette dynamiske
flyktige trekket ved verda
styrkar trua på det varige
- at det som er utanfor alt
og ein tråd gjennom alt

ein dag kan føre det knuste
attende til eit nullpunkt



(Fototriss)

mandag 20. januar 2014

Mur




Det byrja med ein murstein som falt
Muren var ikkje lenger heil,
og eg stirra på det gapande holet
og den einsame, falne mursteinen
kvar gong eg passerte

Ein dag var mursteinen borte,
eg såg den aldri att,
staden den låg var flattrykt
og graset brunt –
Året etter var det ingen spor

Ingen andre la merke til holet i muren,
det stod der tomt og gapande,
og små markblomster slo seg ned
og alle menneska gjekk forbi
med auge som ikkje såg

Ein dag var det to hol i muren,
eg stoppa måpande opp
og ei fortvila kjensle breidde seg
i luftrommet – akkurat der eg stod
Eg såg ingen andre som stoppa

- Ser de ikkje at muren smuldrar?
ropte eg, sprang frå person til person,
heldt dei fast i jakkene,
tvinga dei til å møte blikket mitt –
Ikkje ein av dei svara, dei snudde og gjekk

Og muren fortsette å forsvinne,
stein for stein, eg såg ikkje kor dei vart av
eller kvifor nokon tok for seg av steinane
eller kven desse er
som ikkje frykta konsekvensane

For eg var sikker på at noko ville skje,
verda ville endre seg
når den store muren ikkje lenger var der
og heldt alt på plass
Eg slutta å passere under den –

Frå andre sida av gata stod eg og ropte,
dag etter dag, men ingen høyrde
og til slutt rasa jordmassane ut
- det som var att av den store muren
klarte ikkje stå imot presset

No er gata stengt, butikkane tome,
ingen går denne vegen meir
Det heile starta med ein murstein som falt
og eg klarar ikkje slutte å undre meg;
Burde eg løfta den første på plass att – sjølv?