eg snik meg ut
frå dette tronge kottet
på baksida av hjartet
her har eg stuva inn alt
eg eigentleg ikkje treng
men tenkjer at eg kanskje får bruk for
ein gong
men som aldri vil bli henta fram att,
fordi eg eigentleg gløymer det ut
utan å gløyme det heilt,
berre let det liggje her og støve ned
somme tider
dessverre oftare enn ikkje
må eg sitje der sjølv også
eg finn ikkje plass
i dei store romma der inne
og set meg her ute, berre eg
ei lita niste, ei bok å lese i medan tida går
og verda berre snurrar og durar der ute
men
no snik eg meg ut, altså, no
vil eg ikkje sitje her lenger
og kva skal eg eigentleg med dette kottet?
kan eg ikkje setje fyr på heile greia
sjå det brenne til grunnen?
då er det ingen veg tilbake lenger,
då må eg jo berre vere der inne, der eg eigentleg bur
og møte det som kjem
utan sjanse for retrett
berre stramme meg opp, rette ryggen og
gjere det eg må -
er det nokon som kan låne meg ei fyrstikk?
Viser innlegg med etiketten ansvar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ansvar. Vis alle innlegg
søndag 2. august 2020
fredag 13. juli 2018
Ein mumlande majoritet
stille
står vi ved stranda
ser
den
europeiske kystvakta
jobbe
seg sakte utover,
presse
den store gummibåten
endå lenger ut
og
smiler fornøgde – for kvifor
skal
dei komme inn
akkurat
her? –
så
bleiknar smila litt
i
det gummibåten går rundt
og
vi ser armar og bein
forsvinne
i djupet
og
eit stikk av fortviling når hjartet
når
døde kroppar
av
menn, kvinner, ungdomar, barn
beibiar
må
berast i land på stranda vår
og
kanskje er vi litt sinte også
men
det er ei vanskeleg kjensle
å
hanskast med,
for
kven skal vi vere sinte på
(utan
å ramme oss sjølve) –
vel
– det er like greitt å feie det vekk
i alle fall dagen etterpå
for
her skjedde e i g e n t l e g
ingenting
kriminelt
eller ulovleg eller
noko
vi burde bere ansvaret for –
det
er berre slik
verda er?
onsdag 19. mars 2014
Alvor
Det er ikkje alle som ser skilta
Det er ikkje alle som trur det dei ser
Det er ikkje alle som tek skilta på alvor
Det er ikkje alle som forstår kva dei betyr
Det finst dei som tenkjer: "Eg køyrer der eg vil"
Det finst dei som tenkjer: "Viss eg berre let att auga, går det nok bra"
Det finst dei som stoppar i angst, prøvar å snu,
men retur er umogleg
Og vegen går der den går, for alle
Uansett
mandag 20. januar 2014
Mur
Det byrja med ein murstein som falt
Muren var ikkje lenger heil,
og eg stirra på det gapande holet
og den einsame, falne mursteinen
kvar gong eg passerte
Ein dag var mursteinen borte,
eg såg den aldri att,
staden den låg var flattrykt
og graset brunt –
Året etter var det ingen spor
Ingen andre la merke til holet i muren,
det stod der tomt og gapande,
og små markblomster slo seg ned
og alle menneska gjekk forbi
med auge som ikkje såg
Ein dag var det to hol i muren,
eg stoppa måpande opp
og ei fortvila kjensle breidde seg
i luftrommet – akkurat der eg stod
Eg såg ingen andre som stoppa
- Ser de ikkje at muren smuldrar?
ropte eg, sprang frå person til person,
heldt dei fast i jakkene,
tvinga dei til å møte blikket mitt –
Ikkje ein av dei svara, dei snudde og gjekk
Og muren fortsette å forsvinne,
stein for stein, eg såg ikkje kor dei vart av
eller kvifor nokon tok for seg av steinane
eller kven desse er
som ikkje frykta konsekvensane
For eg var sikker på at noko ville skje,
verda ville endre seg
når den store muren ikkje lenger var der
og heldt alt på plass
Eg slutta å passere under den –
Frå andre sida av gata stod eg og ropte,
dag etter dag, men ingen høyrde
og til slutt rasa jordmassane ut
- det som var att av den store muren
klarte ikkje stå imot presset
No er gata stengt, butikkane tome,
ingen går denne vegen meir
Det heile starta med ein murstein som falt
og eg klarar ikkje slutte å undre meg;
Burde eg løfta den
første på plass att – sjølv?onsdag 20. november 2013
Så knips, då
berre
tankane held oss fast
til
denne veggen, denne tida
som
har spikra opp alle oss
usikre,
usynlege, kravsmå
menneske
– i eit forsøk på å gli inn
glei
vi vekk, forsvann
som
dogg som aldri kom
eller
som ein av alle solstrålane
som
aldri treff noko
berre
svirrar utover, stadig utover
i
eit uendeleg univers
og
veit
det
er berre å knipse med fingrane
vakne,
ynskje seg vekk
rive
seg laus frå veggen
vi
limte oss fast til den gongen
vi
trudde det var så om å gjere
å vere
noko – for andre
…
og
veit – trass det
at
så enkelt vil det aldri bli
for
ting er ikkje som dei er,
dei
er som vi ser dei for oss
og
vi kan ikkje sjå oss for oss
nokon
andre stadar enn her
…
det
er så nær så nær
at
nokon trykker på brytaren,
set
lyset på veggen og løyser den opp
så
nær – men det vil ikkje skje
vi
må bryte oss laus sjølve
om og viss –(NF Abstract)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
