Viser innlegg med etiketten NF. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten NF. Vis alle innlegg

mandag 10. november 2014

Solid. Viktig.



det gjeld
dine draumar
det gjeld
dine håp
det gjeld det sentrale
som bind saman
auga og hjartet
hendene og hjernen
føtene og munnen
og let deg bli
heil
i det luftrommet du fyller



mandag 3. november 2014

Fotonkjelde



ei glødande masse
roterande rundt sin eigen akse,
ein uendeleg straum
av lyssignal
kasta ut, sendt av garde
i svimlande fart
gjennom rommet

ein liten brøkdel
så forsvinnande liten
i det heile
styrtar som kamikazefly
mot auga mine




vi dyttar fart i fotona,
mine og dine

til dei fyk saman
gjennom natta

vitnar om eit samband
sterkare enn kulden

ei bru mellom hjarta,
mitt og ditt




dei usynlege strålane
så mykje raskare, nyttigare
enn elektromagnetismen

dei sterke strålane
knyt oss saman, tauar oss inn;
vi er båtar i le for stormen

dei lysande strålane
synlege berre
for hjarteauga



mandag 13. oktober 2014

Dreaming



my heart
is wandering
the foggy
highways




yearning
for a kingdom
far ahead
in lands unseen





dreaming of
what’s waiting
just around
my waking eyes