vende øyra mot havet
høyre
det lokkar, stille
ei
kviskring frå ei anna tid
ein
annan dimensjon
hjarterytmane
samanfallande
lengslane
som eit dragsug
fjøresteinane
er samansvorne vener
- vi kjenner lunene, det utemde
i
bølgjeskummet – små glimt inn i sjela
hjartelaget
til det skremmande store
utan
målbare grenser,
vi
kjenner ikkje djupa –
høyre havet, puste havet,
som
ei forlenging av lungene
kjenne
ei vill glede
i
det å vere liten og makteslaus