Viser innlegg med etiketten val. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten val. Vis alle innlegg

søndag 13. september 2020

Gjere rett

eg kjenner alle orda

veit kva eg må seie


eg kjenner alle blikka

veit kva eg bør sjå

etter


eg kjenner alle tårene

veit kor dei vil lande


eg kjenner alt dette, og meir til

likevel er det så vanskeleg

å sope all kunnskapen saman

på riktig stad til riktig tid

og heile vegen gjere

det rette



onsdag 20. mai 2020

Ikkje-val

ikkje alt kan du velje, 
men noko kan du sjå, eller ville sjå
om du vil

som å vilje få det store glimtet
du alltid søker etter
om du søker litt til

der det er mogleg å søke, vere søkande
etter glimtet av eit glimt,
eit lys over andre lys 

gå dei vegane som fører dit
og sjølv vere eit glimt i andre sine auge

velje det du vel
med omhu -- ikkje late som du er mett
før natta er så svart
at du berre har ein sans att

nei, du kan ikkje velje alt
men du kan vere og du kan gå
og du kan velje å velje
ein gong til



onsdag 8. april 2020

Dei to portane

midt i den store mysterieavdelinga
livet er
står ein port, med attlatne gardiner

me er alle på veg dit
er du gjennom
er det ingen veg tilbake

på andre sida
er det to nye portar,
men du vil berre sjå den eine;
vegvalet er gjort
alt før du kjem til den første

medan begge endå er opne

livets harde realitetar
kan verken kverulanten
tvilaren
spekulanten
den fornektande
skeptikaren
eller lærde
endre på

søndag 24. november 2019

Aktivere eigne bein

det er så mange vegar ein kan gå, så mange val og retningar, det er lett å tvile på vala og kursen og drifta - og likevel må me gå vidare, gå og gå, for tida stoggar ikkje same kor gjerne me skulle ynskje og trenge ein pust i bakken, berre kunne trekkje seg sjølv til side, sjå tida passere frå ein trygg plass på galleriet -

vere tilsidesett av seg sjølv

men så innser ein at all denne tida som dyttar oss av garde, er ei viljelaus eining - den berre kjem, utan eiga kraft, og vegen ein går er eit resultat av aktive val, aktive tankar, aktive handlingar hos seg sjølv. Det er ikkje tida sin feil at ein har hamna der ein er, det er strengt teke ikkje andre sin feil heller, sjølv om mange dyttar litt for hardt og litt for bestemt - i staden for å vinke og tilrå og smile deg inn på dei gode vegane

så kan ein kanskje lene seg tilbake, kvile litt på tidsstraumen og stikke fingeren i vêret - kjenne etter kva veg vinden bles og bestemme seg for å trasse både vindar og meir eller mindre velmeinte dytt - stige inn på stigar ein har lyst å utforske, gå langs vegar som passar til hjartet og svømme i vatn som omsluttar kroppen mjukt og ømt -

la seg vere ein aktiv utforskar, for verda er for stort og tida for rask til å la seg drive med av straumen 

mandag 10. august 2015

Ein dag




skuggane ligg tunge
over ulendt terreng
der alle våre vegar snor seg
som villfarne bekkar
i terrenget

og føtene våre går
desse fuktige stigane,
auga vår ser
ein skjult horisont
bak natt og tåke

eg er fri,
eg har ubundne hender
og kan sjølv velje vegen

du er bunden,
hendene dine ber såra
og føtene har ingen val

ein dag skal vi møtes,
ein dag lettar tåka
og auga vil sjå alle horisontar

ein dag vil dommen falle
over fri og træl,
ein dag må vi svare – for alt –

-

i dag vel eg vegen;
eg svingar av, går mot deg
tilbyr ei hand i ditt mørker 

mandag 15. juni 2015

One in a million




back when we met
our hearts did  falter

but then we chose
before the altar

to live and die
inside this us

now every day
we choose this thus



onsdag 22. april 2015

Fram


så kastar han seg fram
inn i det ukjente

det er ikkje lenger eit val
mellom her - og der

for grunnen er borte
det gamle langt bakanfor medvitet

og auga er retta framover, utover
fokusert på det som skal komme

på det som komme
etter dette

svevet gjennom millionar 
av augeblikk
 


(Onsdagstema)

søndag 5. oktober 2014

I handa





vi har alle dei visne blada
mellom hendene våre,
dei halvdøde, døyande restane
av liv som ein gong
var godt

og vi har valet
om vi vil halde fast
og sjå blada rotne bort,
til dei flyt saman
med våre eigne hender
og vi blir det dei er

eller om vi vil gje slepp,
la dei falle til bakken

la dei gå i oppløysings-
gløymsle
og forsvinne som næring
til noko anna,
noko godt –

og samtidig
setje oss sjølve
fri




(Søndagstema i farge og s/k)

torsdag 31. juli 2014

I kvar hand



I venstre handa: Ein kniv
I høgre handa: Ei nål,
med svart sutur gjennom auget

Eg ser over ingenmannsland,
og veit ikkje kva hand eg skal strekkje
mot deg;
Ordren seier venstre,
hjartet seier høgre

Kvifor må det alltid vere
vi og dei?
Kvifor kan det ikkje heite – Oss?