Viser innlegg med etiketten 1. verdskrigen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 1. verdskrigen. Vis alle innlegg

søndag 3. august 2014

Stå i fred



Den vesle blomen i vindauget
på soverommet,
den vi fekk av ein ven
for lenge sidan
alt då vi så vidt var gifte
og huset stod nytt og ubrukt
Den fekk stå i fred

Den vesle steinen bak huset
mellom stien og
syrinbuskene
den du syntes var så fin,
glattslipt, blank og kvit
og som passa så godt inn
der den låg
Den fekk liggje i fred

Og bøtta, den raude og skitne
den vi brukte til å bere vekk ugras i
og ha mold i
når vi skulle pynte i hagen
Den som du ikkje ville ha inn,
og som difor vart ståande bak syklane
Den fekk stå i fred

Det var berre vi levande
glade, triste, sorgfulle, lukkelege
og tvers gjennom ufarlege
som måtte reise
leggje alt bak oss, finne nye vegar å gå
Det er ikkje fred for menneska
i krigen
berre for dei små bagatellane,
som vitnar om liv som er levd

lørdag 2. august 2014

Brør



Eg kom over han i skogen
Han låg såra
Angsten lyste ut av to blå auger
som reflekterte den klare himmelen
Kontrasten til vår blodmerka jord

Eg sikta på han med våpenet
Ropte at han skulle ligge stille
Endå han ikkje kunne
Eller såg ut til å prøve
Gå nokon stad

Slik stod eg, i andelaus spenning
Medan knatring og granatsmell
Kunne høyrast eit stykke unna
Han sveitta frå det støvskitne håret
Og tårene var der og var der ikkje likevel

I auga hans såg eg ei historie
Frå eit anna land, ein annan skog
Eg såg sjøar og latter og boccia på plenen
Ein hund og eit barn og ei kvinne
Ein hellelagt sti opp til huset

Auga dei lyste, og lengta langt vekk
Dei fortalte om smerte og håp
Eg starta å vakle, for akkurat då
Forstod eg
Kor like vi var, innerst inne

Fiendar, ulike klede og ulike våpen
Med hjarta og auga og håp
på same frekvens
Og lengten til ei betre verd
Der våpen berre var ein vond draum

I den verkelege verda
Hadde vi vore brør
Han hadde lege i graset
Og eg hadde peika på han
Med ein badmintonracket

torsdag 31. juli 2014

I kvar hand



I venstre handa: Ein kniv
I høgre handa: Ei nål,
med svart sutur gjennom auget

Eg ser over ingenmannsland,
og veit ikkje kva hand eg skal strekkje
mot deg;
Ordren seier venstre,
hjartet seier høgre

Kvifor må det alltid vere
vi og dei?
Kvifor kan det ikkje heite – Oss?

tirsdag 29. juli 2014

Bajonettane



Sollyset glimtar i våpen
av nypussa stål
Tusen bajonettar, på rekke
Midt i mot – ei ny rekke
Tusen våpen, like blanke

Bak våpna, på begge sider
står gutar
i nyvaska, flotte uniformar
Solbrune fjes, på begge sider

Ansikta er bleike og bestemte
Auga er sikre, ryggane rake
Hendene skjelv

Men ikkje så mykje at det syns

Dei er klare og lyttar
Høyrer kampropet runge:
Fram gutar!
Hev våpen!

Spring av stad! Gjer di plikt!
For fedrelandet! For Gud!
For dine barn og din konge!

Eller 

Lytt til kviskringa
frå vinden
og to tusen bestemødre:
Stikk bajonetten i jorda
Gjer  det no!

Pløy kvar dykkar fure
Så korn og poteter
og vatne med tårene
frå to tusen mødre utan søner
Rop eit leve for jorda
Rop eit leve
i fred