eg
skulle så gjerne kunne skrive meg fri frå alle desse banda, sleppe taket, sveve
av garde på vindar eg valde sjølv, vere over landskap med venlege åsar –
kanskje landskap forma i min eigen fantasi – og kjenne hjarterytmen passe saman
med orda og orda passe saman med bileta eg ser for meg når eg lyttar og det eg
høyrer passe saman med slik eg tenkjer verda er
då
skulle eg kunne rekke fram hendene, vende tomme flater opp og ta imot det som
vart gjeve, samstundes som det eg sjølv gav ville kunne bygge nye byar, nye
utkikkstårn mot horisontar eg no fryktar å berre tenkje på – kanskje ville vi
kunne rekke hendene mot kvarandre og gripe dei utan frykt, utan dette som no
legg sitt klamme mørker rundt oss og er reiskap for krefter som bryt ned – og saman
opne opp dei gamle såra, studere sårkantar og djupner, og saman sy dei att på
betre vis, i samarbeid om metallet utvunne frå jorda vi trør – vere euforiske
vitne til ei endring, der ordet vald står utan semantikk –
i
denne tilstanden vil vi kunne puste med opne lunger, og fylle auga med det som
no er skjult, vere kvarandre sine tolkar – dette er mitt hjarte, skal eg seie,
og du rekk fram ditt eige og seier: sjå, kor det bankar på same vis som ditt! –
og innhaldet er ulikt og orda har ulik farge og bileta er teikna med ulik type
maling, men vi fryktar ikkje ulikskapen; vi ser den, seier: sjå så ulike vi er,
og smiler medan sola, den same sola vi vandrar under no, går ned i havet
bakanfor –
og
skuggen som fell er ikkje mørk og trugande, men eit venleg omriss av noko vi
tør kalle venskap – eller i det minste sameksistens utan eigedomskrav til
grunnen skuggen fell på –