Viser innlegg med etiketten harmoni. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten harmoni. Vis alle innlegg

tirsdag 30. september 2014

Der hjartet bur



det er eit stille rom
der hjartet bur,
eit rom med luft
og plass til frie svev
over dei store djupa




for noko kviler
mellom veggane,
noko leiar vidare
lenger inn
for kvar dag
- eg kjenner meg sjølv;
eg veit der er noko
eg aldri vil vite





det er eit einsamt rom
der hjartet bur,
eit rom bygd for
frie val
- dei eg må gjere
i meg sjølv,
konturane
av ein skuggefull hage
i sjela