Dette
er mitt teater,
det
er her eg er sjef
og
her kan alle ting skje –
for
det første er skogen skråstilt,
så
at noko kjem til å falle
er gitt
og trea er rette (her
er lite vind)
noko
som opnar opp
for
fleire moglege scenario;
eg
vil for eksempel begynne
med matematikken
(ja!)
Eg
skal hengje opp gåter
rundt
heile skogen,
så
får det vere opp til deg
om
du vil løyse dei, eller bøye unna
fritt
val, altså
eg
er ikkje veldig streng slik
Det
er heller ikkje umogleg
at
det vil dukke opp ein fisk
eller
to, symjande mellom trea,
kanskje
ein heil stim
for
her er det eg som er regissør
og
seier eg fisk
så
blir det fisk
og
det blir det
så
fisken dukkar opp, og ser seg måpande rundt
her
er så underleg
–
Til
publikums store glede
vil
showet vere raskt unnagjort
-
sjå på fisken og gå
-
løys ei gåte og gå
vidare
til neste nivå – tivoli!
(som
skildra i eit anna dikt)
og
teateret stengjer med fynd og klem
nøyaktig
klokka tre
Då
er det tid for middag